Sjå samandrag: Knepent tap mot Odd
Sogndal opna godt, men ei tidleg skåring frå Kasper Andersen vart avgjerande. Det enda med 0–1-tap mot Odd under flomlysa på Fosshaugane Campus. A-laget Video
Allereie etter eitt minutt kom Kasper Skaanes til ein god moglegheit. Sogndal fekk ein lovande start på kampen med fleire sjansar, men etter ti minutt tok gjestene leiinga på sin første sjanse ved Kasper Andersen.

Sogndal jakta ei utlikning, og etter 24 minutt var Tuomas Pippola nær då skotet hans strauk stolpen. Mot slutten av omgangen fekk Odd pressa heimelaget lågare på bana, og Sogndal sleit med å kome seg ut. Dermed gjekk laga til pause på stillinga 0–1.
Jamn andre omgang
Etter kvilen var kampen nokså jamn, utan at Sogndal fekk skåringa som kunne gitt poeng. Odd var på si side nær ved å doble leiinga med eit skot i tverrliggaren.
Sogndal sette inn KP Arierhi, Fredrik Flo, Lukas Gausal, Preben Asp og Elias Flo for å jakte ei utlikning, men det heldt dessverre ikkje, sjølv om laget spelte seg til fleire sjansar i andre omgang.
Oppgjeret heldt fram med å vere jamt, men den tidlege skåringa vart ståande som den einaste i kampen. Det vart dermed eit surt og knepent tap for Sogndal.
No gjeld det å leggje tapet bak seg og gjere seg klare til ein viktig bortekamp mot Egersund førstkomande søndag.
God støtte frå tribunen

Mange møtte opp for å støtte laget onsdag kveld, og Saftkokaradn laga god stemning på stadion. Støtta frå publikum var eit positivt innslag på ein elles skuffande kveld.
Takk til alle som møtte opp og støtta laget på Fosshaugane!
-
3Flo
63'
-
6Høyland
-
5Harrison
-
8Gausdal
63'
-
9Arierhi
45'
-
11Mensah
-
18Hagen
-
20Asp
73'
-
24Bieszczad
-
39Flo
84'