Sjå samandrag: Tap i Haugesund
0-2 mot Haugesund. A-laget
Sogndal gav alt lørdag ettermiddag, men måtte reise tomhendte heim frå Haugesund etter eit 0-2-tap mot eit av årets topplag i OBOS-ligaen.
Heimelaget fekk den best moglege starten då Ismael Petcho sette inn leiarmålet allereie etter fem minutt.
Trass i den tidlege kalddusjen jobba me oss inn i kampen og skapte fleire moglegheiter. Både Arierhi og Helén var nær ved å redusera, medan Jendal heldt oss inne i kampen med fleire sterke redningar.
Etter pause heldt Haugesund trykket oppe, og Jonatan Norbye auka til 2-0 etter ein dødball. Sogndal prøvde å slå tilbake, men fekk ikkje ballen i mål denne dagen.
Mot slutten fekk me dagens lyspunkt då 17 år gamle David Kongelf fekk sin debut i OBOS-ligaen. Me gratulerer David med debuten.
No rettar me blikket mot heimekampen mot Strømmen neste helg.
STAO NO PAO
-
20Asp
76'
-
24Bieszczad
-
31Kongelf
76'
-
35Hillestad
56'
-
39Flo
81'