Sjå samandraget: – God kamp av gutane

Sogndal gav eliteserielaget Lillestrøm god kamp, men måtte sjå cupeventyret ta slutt etter eit knepent 1–2-tap på Åråsen.

Godta informasjonskapslar for å sjå video

Då Kparobo Arierhi utlikna til 1–1 på straffe eit kvarter før slutt, vart håpet om ei cupbombe tent på nytt. Sogndal hadde levert ein god kamp og fekk endeleg utteljing for sjansane laget hadde skapt.

Men berre minuttet etter sette LSK inn den avgjerande skåringa, og dermed var cupeventyret over for denne gongen.

Likevel var det mykje positivt å ta med seg frå prestasjonen.

– Det var ein god kamp av gutane, og me burde faktisk ha vunne kampen. Me fekk rotert på laget, og mange av gutane fekk speletid, så me er godt nøgde med gjennomføringa, seier hovudtrenar Eirik Bakke.

No ventar Ranheim

Sjølv om det hadde vore kjekt å ta seg vidare i cupen, er det liten tvil om kva som er viktigast denne veka: OBOS-ligakampen borte mot Ranheim på søndag.

Etter to strake sigrar i serien har Sogndal fått eit betre utgangspunkt i kampen om å halde plassen. Dei gode prestasjonane den siste tida, inkludert cupkampen mot Lillestrøm, gir også grunn til optimisme.

Likevel er det tett på tabellen, og mykje tyder på at kampen om å halde plassen vil vare heilt inn til siste serierunde.

Etter Ranheim-kampen ventar Hødd heime på Fosshaugane søndag 8. november. Godt hjelpt av over 2000 tilskodarar tre heimekampar på rad har laget levert nokre gode prestasjonar den siste tida. Tusen takk for støtta!

Er det lov å håpe på 3000 mot Hødd?

Kampfakta: Lillestrøm – Sogndal 2–1

Mål: 1–0 Henrik Melland (66.), 1–1 Kparobo Arierhi (75., straffe), 2–1 Fredrik Gulbrandsen (76.)

Sogndal si lagoppstilling: Jendal – Hovland (K) (Mensah frå 68. minutt), Haruna, Øren – Hagen (Onyango frå 46. minutt), Gausdal, Vapne, Woxen, Hillestad (Fredrik Flo frå 46. minutt) – Pippola (Arierhi frå 61. minutt), Asp (Helén frå 46. minutt).

Annonse fra Obos-ligaen: