SJÅ SAMANDRAGET: Magisk jubileumskveld på Fosshaugane

For ein kamp. For eit lag. For ei stemning! Sogndal leverte ein fantastisk prestasjon og slo opprykksjagande Kongsvinger 3–1 på Fosshaugane. Dermed vart jubileumskvelden feira med tre svært viktige poeng i kampen om å halde plassen i OBOS-ligaen.

Godta informasjonskapslar for å sjå video

For 50 år sidan sjarmerte Sogndal heile Noreg i cupfinalen mot Brann, med knallhard jobbing og hjartet utanpå drakta.

Innstillinga i jubileumskampen mot Kongsvinger var ikkje mykje annleis. For ein vilje karadn viste!

Opna i hundre

Sogndal gjekk rett i strupen på gjestene og skapte fleire store sjansar frå start. Allereie etter tre minutt stanga kaptein Even Hovland inn 1–0 og si sjuande skåring (!) for sesongen, alle turneringar medrekna.

Heimelaget heldt fram med å presse på. Både KP Arierhi og Tuomas Pippola kom til store moglegheiter, men 2–0-målet lét vente på seg.

I staden slo Kongsvinger tilbake og utlikna til 1–1 før pause.

Pippola sende Sogndal i leiinga

Men Sogndal gav seg ikkje. Dette var kvelden vår, og denne kampen skulle me vinne!

Utover i andre omgang kom heimelaget nærare og nærare. Etter 78 minutt losna det endeleg.

Lukass Vapne lada den livsfarlege børsa si og fyrte av. Kongsvinger-keeperen klarte ikkje å halde ballen, og på returen var toppskårar Tuomas Pippola på rett plass.

2–1! Fosshaugane eksploderte!

Iskald Arierhi punkterte kampen

Berre sju minutt seinare var det KP Arierhi sin tur.

Nigerianaren har verkeleg funne skåringsforma den siste tida. Etter den nydelege skåringa mot Raufoss onsdag leverte han nok eit kunststykke mot Kongsvinger.

Åleine med keeper var han kaldare enn Sognefjorden midtvinters. Med ein lekker liten lobb over Kongsvinger sin sisteskanse sette han inn 3–1.

Ferdig snakka!

Tre svært viktige poeng

Då dommaren bles av kampen, kunne både spelarar og supportarar sleppe jubelen laus. Sogndal hadde levert ein sterk prestasjon og sikra tre poeng på ein jubileumskveld som seint vil bli gløymd.

Kampen om å halde plassen i OBOS-ligaen er framleis knallhard. Men med to strake sigrar har Sogndal gitt seg sjølv eit langt betre utgangspunkt før dei siste serierundane.

No ventar Lillestrøm i cupen på onsdag, før turen går til Trondheim og bortekamp mot Ranheim.

Deretter skal me tilbake til Fosshaugane for årets siste seriekamp mot Hødd. Då håpar me på minst like god stemning!

Tusen takk til alle som gjorde jubileumskvelden så spesiell!

STAO NO PAO!

Grethe vann Lerums pausekonkurranse
Grethe vann Lerums pausekonkurranse
Asset 1 Asset 2
1
Jendal

4
Hovland
Goal 03'
32
Øren
35
Hillestad
88
Otieno

7
Woxen
8
Gausdal
10
Skaanes
18
Hagen
Substituted out 65'
19
Pippola
Substituted out 86'
Goal 77'

9
Arierhi
Goal 84'
Innbytarar
3
Flo
11
Mensah
14
Haruna
15
Helén
Substituted in 86'
16
Vapne
Substituted in 65'
20
Asp
24
Bieszczad
39
Flo
Innbytarar
  • 3
    Flo
  • 11
    Mensah
  • 14
    Haruna
  • 15
    Helén
    Substituted in 86'
  • 16
    Vapne
    Substituted in 65'
  • 20
    Asp
  • 24
    Bieszczad
  • 39
    Flo

Annonse fra Obos-ligaen: