Skadeoppdatering: Jacob Blixt Flaten

Siste nytt om skaden til Jacob Blixt Flaten

I kampen mellom Sogndal og Real Murcia fekk midtbanespelar Jacob Blixt Flaten ein skade i armen. Etter ein duell med ein Real Murcia-spelar landa han på armen og måtte forlate bana i store smerter. Etter ein sjekk på sjukehuset er det klart at han har fått eit brot i armen.

Fysioterapeut Vegard Bjørklund:

- Jacob landa forkjært på handa si i kampen mot Real Murcia etter ein duell, og etter ein sjekk på sjukehuset i Spania blei det påvist brot i underarmen. Brotet vil gro på eiga hand, og Jacob forventast å bruka gips i totalt 6 veker. Han forventast å vera klar til å spele kamp for Sogndal igjen om 6-10 veker»

Me ønskjer Jacob god betring og gler oss til han er tilbake på bana!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: