Skadeoppdatering: Kasper Skaanes

Siste nytt om skadesituasjonen til Kasper Skaanes

Den siste tida har Kasper Skaanes vore utilgjengeleg for kamptropp, og gjennom heile oppkøyringa har han rehabilitert ein skade frå i fjor. Vegard Bjørklund har no ein oppdatering på skadesituasjonen til Kasper:

- Kasper har rehabilitert ein meniskskade sidan slutten av fjoråret, der ein har bestemt å prøve konservativ trening over tid. Etter god framgang i starten, ga det diverre ikkje den effekten ein håpa på. Kasper blei derfor operert i går, 16. april, i Bergen av ortoped Asle Kjellsen. Under operasjonen har han har fjerna ein del av menisken til Kasper, fortel Bjørklund.

- Kasper er i godt humør og i god form allereie, og startar opptrening umiddelbart. Korleis han responderer på opptreninga vil avgjere kor lenge det tar før han kan spele kamp for Sogndal igjen, legg han til.

Me ønskjer Kasper god betring, og gler oss til han er tilbake på bana i Sogndaldrakt!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: