
Skal kjempa for flagget
Ulrik gler seg til opningskamp mot Portugal
Ulrik Fredriksen og resten av U19-landslaget er på plass i Finland.
I morgon møtast Putin og Trump i Finland, og verda held pusten. Klokka 14.00 startar óg U19 EM i landet med alle innsjøane, og vår eigen Ulrik Tillung Fredriksen er klar til innsats for flagg og fedreland.
UEFA sine heimesider om meisterskapet.
- Me kom til Finland på fredag kveld og har det flott her, fortel Ulrik.
Før EM-uttaket måtte gutane til trenar Pål Arne "Paco" Johansen ut i råskapstest, og her kan du lesa meir om dette, samt sjå Ulrik og gutane gjera ting dei ikkje var heilt komfortable med.
Les også: Her er Eirik Bakkes potet
Opningskampen i EM går på Vaasa Stadion i byen Vasa, som ligg ca 40 mil nord for Helsinki. Vasa har i underkant av 70 000 innbyggjarar, og stadion har kunstgras med ein kapasitet på rundt 5500 tilskodarar.
Det er Norge-Portugal som startar EM, og kampen går direkte på TV2 Sportskanalen med sendestart klokka 13.55.
- Eg gler meg masse, og me skal gje bånn gass mot Portugal! seier Ulrik Fredriksen.
Her kan du lesa om U19-landslaget.
