Skeid - Sogndal

Grorud Arctic Match, avspark klokka 18:00

Karane er klare for den første kampen etter ein liten feriepause. Dagens motstandar er Skeid, som i dag har lånt bana til divisjonskollega Grorud. Avspark på Grorud Arctic Match er klokka 18:00.

Følg kampen her

Sist me møtte Oslo-laget var i 2019. Då møttest me på Intility Arena, der sluttresultatet vart 2-2. Det var Sivert Mannsverk som opna skåringskontoen på eit innlegg som sneik seg gjennom heile feltet og i mål. Eirik Schulze dobla leiinga, før Skeid reduserte til 1-2 seinare i omgangen. Heimelaget utlikna i 2. omgang til 2-2. Heime på Fosshaugane vann me 4-2.



I fjor spelte Skeid i PostNord-ligaen. Så langt i år har dei hatt ein veldig tung retur til OBOS-ligaen der dei etter ni kampar står med kun ein siger og åtte tap.
Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Lillestrøm Lillestrøm 13 8 5 0 28 7 21 29 V U U V U
2 Start Start 13 7 4 2 26 15 11 25 V U V V U
3 Kongsvinger Kongsvinger 13 6 4 3 30 18 12 22 U V V U U
4 Sogndal Sogndal 13 6 2 5 24 20 4 20 U T V T U
5 Egersund Egersund 12 6 2 4 24 20 4 20 T T V U V
6 Odd Odd 13 5 4 4 18 16 2 19 V U U T U
7 Ranheim TF Ranheim TF 13 6 1 6 18 22 -4 19 V V T T V
8 Aalesund Aalesund 12 4 6 2 17 15 2 18 T U T V U
9 Hødd Hødd 13 5 3 5 17 22 -5 18 U U T T V
10 Raufoss Raufoss 13 4 6 3 23 19 4 17 U U T V U
11 Åsane Åsane 13 4 4 5 16 19 -3 16 T V U V T
12 Moss Moss 13 5 1 7 20 29 -9 16 T U V T T
13 Lyn Lyn 13 4 2 7 15 18 -3 14 T U V V V
14 Stabæk Stabæk 13 3 4 6 17 24 -7 13 U U T T T
15 Skeid Skeid 13 1 4 8 17 27 -10 7 U T T V U
16 Mjøndalen Mjøndalen 13 1 4 8 14 33 -19 7 V U U T T

Som me kan sjå av tabellen har me hatt ein tyngre periode etter ein flott start. Les litt om kva trenar Tore André Flo sa til Sogn Avis før dagens kamp

Sjå kampen på Discovery+ eller TV2Play MAX og Eurosport har og direktesending frå OBOS-ligaen.

Runde 10 av årets OBOS-liga tjuvstarta allereie i april då Mjøndalen slo Bryne 2-1. I går var Brann på besøk hjå Stjørdals-Blink, ein kamp som enda 1-2 til bergensarane. Start og Stabæk møttest på Sør Arena, men det var lite som likna på makrellfotball i det mållause oppgjeret.

Klokka 18:00 i dag har me fire kampar:
Sandnes Ulf - KFUM
Kongsvinger - Grorud
Åsane - Ranheim
Skeid - Sogndal

Kampen Fredrikstad - Raufoss er utsatt pga sjukdomsutbrot i Raufoss-leiren.

Trenar Flo forventar ingen lett match mot tabelljumboen: – Dei er desperate etter poeng, seier han Porten

Vêret austafor er forventa å vera skikkeleg sommarleg under kampen i dag. Yr har spådd strålande sol og 23 grader under kampen.

Her får du kjøpt billettar

Her ligg Grorud Arctic Match

Annonse fra Obos-ligaen: