IMG_9833

Skikkeleg slitesiger mot Jølster!

Sigeren sat langt inne, men 3 poeng vart med heim til Sogndal frå Jølster

Sogndal 2 måtte verkeleg kjempe hardt for dei 3 poenga, men etter ein dramatisk slutt på kampen enda det med 4-2-siger borte mot Jølster. Havila Bonabandi sendte bortelaget i føringa like før pause. I andreomgang scora også Sverre Stavø, Markus Bringas og Havila Bonabandi for andre gong i kampen.

Sogndal 2 var favorittar før kampen, men alle kampar i Kretsligaen er tøffe. I fyrsteomgang var det bortelaget som hadde mest ball og skapte fleire sjansar. Ard Ragnar Sundal i Jølstermålet leverte fleire gode redningar, og Jølster var også farleg frampå nokre gonger i løpet av omgangen. Like før pause kom den fyrste scoringa når Sverre Stavø vart spelt igjennom. Sundal redda, men returen satte Havila Bonabandi i mål. Fortent leiing til pause.


Etter pausen var det Jølster som kom best i gang. Etter litt rot i Sogndalforsvaret fekk heimelaget kriga ballen i mål. Joakim Solheim Kvellestad var siste Jølsterspelar på ballen før den gjekk i mål. Dermed stod det 1-1 i Skei Storhall.

Sogndal 2 skulle ta leiinga berre 2 minutt etter utlikninga og fortsatte å presse på framover. Eit innlegg frå Linus Heggestad gjekk gjennom feltet etter at Sverre Stavø ikkje nådde heilt fram. På den andre sida venta Sander Heggestad og piska ballen inn i boks. Mathias Krogh Ravnestad si avslutning vart redda, men returen fekk Sverre Stavø heada i mål! Det stod 1-2 på tavla og Sogndal 2 var tilbake i føringa.


Jølster ga seg ikkje, og fortsatte å kjempa hardt. Etter 59 minutt fekk dei straffespark, og ein god moglegheit til å utlikne for andre gong. Andreas Årseth gjekk fram og satte ballen sikkert i mål. 2-2, og Sogndal 2 måtte fortsette å stange mot Jølsterforsvaret.

Etter 90 minutt stod det framleis 2-2 til tross for eit enormt press frå bortelaget gjennom heile omgangen. Over 3 minutt på overtid kom endeleg den avgjerande scoringa. Eit angrep på venstresida vart blokkert fleire gonger og ballen vart rulla ut til Marius Årøy. Han fann Markus Bringas på 17 meter, og høgrebacken banka til. Skuddet gjekk mot mål, men fekk ein retningsforandring i ein Jølsterforsvarar og ballen gjekk i mål. Ei fortent scoring etter massivt press mot heimelaget sitt mål. 


Etter scoringa satsa Jølster på nok ei utlikning og kasta laget framover. Keeper Martin Opheim Østli måtte i aksjon fleire gonger, og gjorde sakene sine godt. Langt, langt inn i overtida fekk Sogndal 2 ei kontring når heimelaget hadde vore i angrep. Åleine med keeper var Havila Bonabandi sikker, og sigeren var sikra. Dermed enda det altså 2-4 etter ei dramatisk avslutning på kampen.


Laget som starta kampen:

Martin Opheim Østli, Markus Bringas, Sander Aske Granheim, Elling Ingeson Kvåle, Sander Sjøthun Heggestad, Havila Bonabandi, Ola Lerheim Olsen, Marius Årøy, Mathias Krogh Ravnestad, Sverre Stavø og Viljar Stavø.

Innbyttarar:

Linus Heggestad, Noah Heggestad, Elias Svedal Flo og David Kongelf

Etter ein slik slitesiger er det verkeleg grunn til å sleppe jubelen laus. Dagens siger betyr også tabelltopp i Kretsligaen med same poengsum som 4 andre lag, men med betre målskilnad. Sjå video frå garderoben under:

Sogndal 2 sin neste kamp er søndag 12. mai på heimebane mot Vik. Kampen spelast klokka 14:00 på Fosshaugadn!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: