Skuffande tap mot Moss

Ingen god dag på jobben og me reiser heim frå Melløs utan poeng

Ein marerittstart på kampen prega dei resterande 90 minutta, og med 2-0 i mot før 6 minutt var spelt øydelagde mykje i dag. Jacob Flaten si scoring i andreomgang tente håpet, men Moss satte spikaren i kista og sikra poenga.

Allereie etter 3 minutt fekk me den verst tenkelege starten på kampen. Moss tok leiinga etter svake involveringar i forsvaret, og Kristoffer Harrison satte til slutt inn ein retur. Berre 3 minutt etter dobla Thomas Klementsen Jakobsen til 2-0 på straffespark. 

Etter pause jaga karadn scoring, og etter 56 minutt vart håpet tent. Vegard Hagen vart spelt igjennom på ei kontring. Han fann Jacob Flaten på eit løp i midten, og midtbanespelaren satte sitt fyrste mål for sesongen. Etter scoringa satsa ein alt framover, og det skulle straffe seg. Moss la på til 3-1 10 minutt før slutt, og kampen var avgjort.

Tusen takk til alle som møtte på bortefeltet i dag! Me ser stor pris på støtta! Neste kamp er allereie på laurdag, og Skeid kjem på besøk til Fosshaugadn. Me håpar å sjå dykk der!

STAO NO PAO! 

Annonse fra Obos-ligaen: