Skuffande tap mot Raufoss
Sogndal tapte 1–3-tap borte mot Raufoss i den 12. serierunden i OBOS-ligaen. Heimelaget utnytta dødballar godt. Igjen sleppte me inn enkle mål.
Etter tapet mot Moss førre runden gjorde hovudtrenar Luis Pimenta fleire endringar i startellevaren.
To lokale 17-åringar fekk sjansen frå start for fyrste gong i OBOS-ligaen. Emil Lunde Hillestad og Elias Svedal Flo tok utfordringa, og begge leverte ein solid kamp.
Det var nettopp Flo som stod bak Sogndal sitt mål. Han slo eit presist innlegg som Sebastian Pedersen sette i mål.
Problemet var berre at Raufoss allereie hadde skåra to gonger før dette. To mål etter dødball.
Etter kvilen fekk me aldri skikkeleg grep om kampen. Raufoss auka til 3–1, som også vart sluttresultatet.
Tapet gjer at me ikkje fekk den reaksjonen me håpa på etter førre serierunde.
Trass i resultatet var det lyspunkt i prestasjonen til både Hillestad og Flo, som viste at klubben held fram med å utvikle eigne talent.
Neste kamp er mot Egersund på laurdag kl. 20.00: Billettar her