
Slik blir du medlem i Sogndal Idrettslag Fotball
Her kjem oversikt over korleis ein melder seg inn i Sogndal Idrettslag Fotball
Det er viktig at alle som driv aktivitet i Sogndal Idrettslag Fotball er gyldige medlemmar. Det betyr at alle som spelar fotball eller futsal må melde seg inn som vist under. Dette må skje så snart som mogleg. For deg som ønskjer røyste- og talerett på årsmøtet er det også viktig å vere medlem. Siste frist for å betale medlemskontingenten er satt til 28. mars slik at betalinga blir registrert seinast 30 dagar før årsmøtet.
MERK: Alle må betale medlemskontingent til både Sogndal Idrettslag OG Sogndal Idrettslag Fotball.
Slik går du fram:
- Gå til Min idrett
- Logg inn eller opprett brukar
- Bruk "glemt brukernamn" eller "glemt passord" ved behov
- Vel "Min side", "medlemskap" og "Bli medlem i et idrettslag"
- Søk og vel "SOGNDAL IDRETTSLAG FOTBALL"
- Vel kven som skal bli medlem
- Trykk på namnet og/eller legg til barn under 15 år
- Vel medlemstype - Med eller utan aktivitet
- Merk: Alle som spelar fotball i klubben vel med aktivitet
- Betal
- Vent på bekrefting og sjekk e-post for kvittering (Kan hamne i søppelpost)
- Gjenta prosessen og vel "Sogndal Idrettslag" i punkt 4
Ta kontakt med Martin Salbu, [email protected], om noko er uklart.
I tillegg til at Sogndal Idrettslag Fotball er eit eige idrettslag/rettssubjekt, inngår fotballklubben i ein idrettslagsallianse med Sogndal Idrettslag. Sogndal Idrettslag er sjølve allianseidrettslaget, medan Sogndal Idrettslag Fotball er idrettslag i idrettslagsalliansen. NIFs lov § 10-7 Idrettslagsallianse regulerer ordninga med idrettslagsallianse og seier blant anna:
«Medlemmer i idrettslagene plikter å inneha medlemskap også i allianseidrettslaget.»
Dette betyr at om ein person melder seg inn i Sogndal Idrettslag Fotball, plikter ein også å vera medlem av Sogndal Idrettslag. Personen må difor betale medlemskontingent både til Sogndal Idrettslag Fotball og til Sogndal Idrettslag. Dvs. Kr. 300,- til Sogndal Idrettslag og kr. 50,- til Sogndal Idrettslag Fotball.
Det er også sendt ut faktura til alle medlemmar som allereie er tilknytt systemet. Gå til "Min side" og "medlemskap" i Min idrett for å sjekke om dette gjeld deg.
STAO NO PAO!