Slik blir du medlem i Sogndal Idrettslag Fotball
Her kjem informasjon om medlemsskap i Sogndal Idrettslag Fotball, samt oversikt over korleis ein melder seg inn.
Det er viktig at alle som driv aktivitet i Sogndal Idrettslag Fotball er gyldige medlemmar. Det betyr at alle som spelar fotball eller futsal må melde seg inn som vist under.
For deg som ønskjer røyste- og talerett på årsmøtet er det også viktig å vere medlem. For å ha røysterett på årsmøtet må ein ha vore medlem i minst 1 månad, og ha betalt medlemskontingenten. Årsmøtet 2026 er sett til 10. mars.
MERK: Alle må betale medlemskontingent til både Sogndal Idrettslag OG Sogndal Idrettslag Fotball. Dette fordi Sogndal Idrettslag Fotball er eit idrettslag i eit allianseidrettslag.
Slik går du fram:
- Gå til Min idrett
- Logg inn eller opprett brukar
- Bruk "glemt brukernamn" eller "glemt passord" ved behov
- Vel "Min side", "medlemskap" og "Bli medlem i et idrettslag"
- Søk og vel "SOGNDAL IDRETTSLAG FOTBALL"
- Vel kven som skal bli medlem
- Trykk på namnet og/eller legg til barn under 15 år
- Vel medlemstype - Med eller utan aktivitet
- Merk: Alle som spelar fotball i klubben vel med aktivitet
- Betal
- Vent på bekrefting og sjekk e-post for kvittering (Kan hamne i søppelpost)
- Gjenta prosessen og vel "Sogndal Idrettslag" i punkt 4
Ta kontakt med Andreas Nydal om noko er uklart.
Medlemsskap i Sogndal Idrettslag Fotball
I tillegg til at Sogndal Idrettslag Fotball er eit eige idrettslag/rettssubjekt, inngår fotballklubben i ein idrettslagsallianse med Sogndal Idrettslag. Sogndal Idrettslag er sjølve allianseidrettslaget, medan Sogndal Idrettslag Fotball er idrettslag i idrettslagsalliansen. NIFs lov § 10-7 Idrettslagsallianse regulerer ordninga med idrettslagsallianse og seier blant anna:
«Medlemmer i idrettslagene plikter å inneha medlemskap også i allianseidrettslaget.»
Dette betyr at om ein person melder seg inn i Sogndal Idrettslag Fotball, plikter ein også å vera medlem av Sogndal Idrettslag. Personen må difor betale medlemskontingent både til Sogndal Idrettslag Fotball og til Sogndal Idrettslag. Sogndal Idrettslag Fotball har sett medlemskontingenten til kr. 50,- (som er minimumsatsen iht. lovnorm for idrettslag).
Det er sendt ut faktura til alle medlemmar i Sogndal Idrettslag Fotball som allereie er tilknytt systemet. Det same gjeld for Sogndal Idrettslag sine medlemmar. Gå til "Min side" og "medlemskap" i Min idrett for å sjekke om dette gjeld deg.
STAO NO PAO!