Slik blir sesongoppkøyringa 2024!

Sesongoppkøyringa er klar, og her kjem ein oversikt over tida fram til seriestarten i april!

Året går mot slutten, og når me kjem inn i 2024 er det ikkje lenge før oppkøyringa til ein ny sesong er i gang. Det blir variert motstand i treningskampane også i år med lag frå ulike divisjonar. Treningsleiren går til Campoamor, Alicante i Spania og strekkjer seg frå 2.-16. februar. Det skal spelast to kampar i varmen, men foreløpig er det berre svenske Sirius som er bekrefta som motstandar. Også i år skal me spela generalprøve mot Brann, men denne gong går kampen på Fosshaugadn.

Her er datoane å merka seg:

  • Onsdag 10. januar - Oppstart 2024
  • Laurdag 20. januar - Førde (H)
  • Laurdag 27. januar - Bjarg (H)
  • 2.-16. februar – Treningsleir
  • Laurdag 10. februar – Sirius
  • Torsdag 15. februar - Ukjent motstandar 
  • Fredag 23. februar - AAFK (H)
  • Onsdag 28. februar - Florø (H)
  • Laurdag 2. mars - Åsane (H)
  • Laurdag 9. mars - Hødd (B)
  • Laurdag 16. mars - Raufoss (På Fagernes)
  • Måndag 25. mars - Brann (H)

Merk at det kan kome endringar på lista

Me gler oss til å koma i gang med ein ny sesong!

Kjøp sesongkort 2024 no!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: