Slik gjekk det med våre lag på Norway Cup

Kvartfinale på fleire lag i Norway Cup.

Det har vore ei super veke i Oslo for fleire av våre lag.

Sjølv om nokre av laga er ute av turneringa, har dei levert sterke prestasjonar:

G14 1 tok seg til A-sluttspelet etter andreplass i gruppa og vann 1/64-finalen før det vart stopp mot brasilianske Karanba.

G14 2 leverte eit strålande Norway Cup og spelte seg heilt fram til semifinalen i B-sluttspelet.

J14 vann gruppa si med tre strake sigrar før det vart eit knepent 0-1-tap mot Byåsen i 1/16-finalen.

J15 vann gruppa si med tre strake sigrar og har imponert stort i sluttspelet. Etter sigrar mot Langevåg (5-0), Asker (4-1) og Aksla/Rollon/Guard (2-1), venta svenske Norrköping i kvartfinalen. Der sa det stopp.

G15 vann gruppa med imponerande målforskjell på 12-0, før Grorud vart for sterke i 1/32-finalen.

G16 vart nummer to i gruppa si, men har verkeleg vist seg fram i A-sluttspelet. Laget slo ut Sædalen, KFUM, Nes og Ravn, og før Kjøkkelvik vart for sterke i kvartfinalen.

J17 kom også langt. Etter å ha blitt nummer to i gruppa si slo dei ut tyske Rosengarten og Sandviken på vegen til kvartfinalen. Der vann KFUM..

Innimellom kampane har det vore tid til shopping, Tusenfryd og gode fellesmåltid.

Me er stolte av alle spelarane, trenarane og støtteapparatet som representerer Sogndal denne veka.

Annonse fra Obos-ligaen: