
Sogn Avis er heilt i toppen på Direktesport-engasjement!
Vår lokalavis er blant dei beste i landet på engasjement rundt sendingane på Direktesport
Straumetenesta Direktesport viser både fotball, handball og mykje anna sport frå både Norge og resten av verda. Inkludert i abonnementet er blant anna samtlege kampar Sogndal Fotball spelar i OBOS-ligaen, og ein kan også sjå kampar frå lokalfotballen i fylket. Med abonnement på til dømes Sogn Avis +Alt får ein tilgang til alt innhald på Direktesport.
Ferske tal frå Direktesport viser ein oversikt over avisene med flest brukarar hjå Direktesport. Den viser at Sogn Avis ligg på 4. plass over samtlege aviser i landet, og er berre slått av landsdekkande Nettavisen, Oppland Arbeiderblad og Avisa Nordland. Bak på lista finn ein lokalaviser frå mange av dei andre klubbane i OBOS-ligaen og Eliteserien. Det viser at fotballen i fylket engasjerer, og at Sogn Avis er gode på å skape engasjement rundt både OBOS-ligaen og lokalfotballen i Sogn og Fjordane.
Innanfor topp 20 finn me også Firda som dekkjer Sunnfjord og har base i Førde. Kampane til Førde engasjerer også nok brukarar til at avisa er nr. 20 av alle Amediaaviser. Det er imponerande tal, og viser at fotballen i fylket engasjerer.
STAO NO PAO!