Sogndal 2 vann komfortabelt mot Stryn!

Sogndal 2 sikra 3 nye poeng i bortekampen mot Stryn

Det enda med ein komfortabel siger for Sogndal 2 borte mot Stryn i gårsdagens kamp. Med eit særs tett kampprogram dei kommande vekene er kvar kamp viktig både i Kretsligaen, NM G19 og sluttspelet i Nasjonal G19. Den fyrste av 3 kampar denne veka enda altså med siger og 3 poeng!


I fyrsteomgang var det heimelaget som byrja best og som kunne tatt leiinga. Nokre gode sjansar og eit frispark som Daniel Sætren måtte slå i tverrliggaren enda ikkje i mål, og Sogndal 2 tok raskt over. Etter 11 minutt spelt kom leiarmålet når Mohammad Ali drog seg fri ute på kanten. Han kom seg ned til dødlinja og la ballen ut i feltet. Der venta Yoro Ba som fekk ein enkel jobb med å sette ballen i mål.

Seinare i omgangen var det Havila Bonabandi som skulle vise seg fram. Når det var spelt 36 minutt spelte Joakim Nundal igjennom venstrekanten. Frå innsida av 16-meteren køyrde han karusell med forsvaret og satte inn kampens andre scoring. Bortelaget leia fortent til pause, men eit lite skår i gleden var at kaptein Marius Årøy måtte ut med skade. Omfangen er endå ikkje kjent, men dei neste kampane kan stå i fare.

I andreomgang var det heller ingen tvil om kven som skulle stikke av med poenga. Bortelaget pressa på for fleire scoringar og Stryn måtte jobbe for å stå i mot. Når det var spelt 60 minutt fekk Noah Heggestad straffespark, og frå 11 meter var Viljar Stavø sikker. Berre 7 minutt seinare kom også kampens fjerde scoring. Ein corner frå venstre gjekk igjennom heile feltet til Andreas Duesund. Han drog seg fint ned til dødlinja og lobba ballen inn i feltet. Der venta Sander Granheim som fekk tuppa ballen i mål til 0-4.

4 minutt før slutt kom kampens siste, og igjen var Havila Bonabandi involvert. Ute til venstre drog han seg elegant gjennom forsvaret og ned til dødlinja før han trilla ballen ut til Viljar Stavø på 5 meter. Der bommar ikkje Sogndal 2 sin toppscorar, og Stavø noterte seg for kampens andre scoring. Sluttresultatet vart 0-5.

Fjøra leiar framleis Kretsligaen med eitt poeng, men med ein kamp meir spelt. I tillegg har dei to mål betre målskilnad, og alt ligg til rette for ein særs spennande avslutning på sesongen. I siste serierunde møtast nettopp Sogndal 2 og Fjøra til seriefinale på Fosshaugane Campus!

No ventar ein ny kamp allereie på torsdag for Patrik Karoliussen sin gjeng. Det er klart for NM G19 og me møter Brann på Varden AMFI. Neste kamp i Kretsligaen kjem allereie på søndag, og det er ein knalltøff bortekamp mot Eid som ventar. 

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: