SOGNDAL - AALESUND

Fosshaugane, Campus Sogndal - Avspark klokka 15.30

Me er klare for den 18. serierunden av årets OBOS-liga, og i dag er det duka for eit skikkeleg vestlandsderby!

Fosshaugane er pynta til fest, og me byr opp sjølvaste Aalesund til dans!

Me er inne i ein god flyt. Nytt, friskt blod er komen inn i gruppa, og det er god stemning med latter og skrål på treningane for tida. Det er alltid et godt teikn.

Våre vener frå Ålebyen kom til Sogndal i går. Dei har verkeleg hatt god flyt i år, og er i suveren leiing i kampen om opprykk. Våre karar må opp mot sitt aller beste om me skal klara og tukta tangotrøyene i dag.

Det er alltid kjekt når me møter dagens motstandar. Ta turen til Fosshaugane du óg!

I dag har me denne kamptroppen:

Mathias Lønne Dyngeland, Håvard Hetle, Tomas Totland, Ulrik Fredriksen, Igoh Ogbu, Joachim Soltvedt, Jonas Fredriksen, Eivind Helgesen, Eirik Lereng, Steffen Ernemann, Sivert Mannsverk, Sixten Jensen, Ulrik Flo, Andreas Hoven, Eirik Schulze, Akor, Tomas Kristoffersen, Halldor Stenevik.

Ta turen og støtt karane!

Runde 18 av OBOS-ligaen 2019
Sogndal - Aalesund
Fosshaugane, Campus Sogndal
Laurdag klokka 15.30

Stao no pao!!

 

Annonse fra Obos-ligaen: