Sogndal - Åsane, billettar

Fosshaugane Campus, søndag 22. mai kl. 15:00

Fredag 13. mai klokka 12:00 er det start på billettsalet til kampen mellom Sogndal og Åsane.

Kjøp din kampbillett her

Me står så langt med tre sigrar på tre kampar heime på Fosshaugane i år, og Tore André Flo sine menn har tenkt at denne flotte trenden skal halda fram i OBOS-ligaens 7. runde.

Me møtte bergensarane til treningskamp i mars. Då vann me 1-0.

Ser ein litt på historikken, har me både jubelkampar og nokså triste opptredener i minne. I fjor slo me Åsane 3-1 i OBOS-ligaen på Fosshaugane, men i NM rauk me ut med 0-2 og berre ei veke etter slo dei oss 1-0 då me fekk spela opningskampen på flotte Åsane Arena.

 Då me møtte dei til årets første seriekamp 3. juli i 2020, vann me solid 4-1, på Fosshaugane vart det 2-2. Det aller verste resultatet i nyare tid mot Åsane, må ha vore då dei knuste oss med 4-1 på Fosshaugane 16. mai i 2018. Den svei!

Me gler oss til kamp - kom og støtt karane!

Runde 7, OBOS-ligaen 2022
Sogndal - Åsane
Fosshaugane Campus
Søndag 22. mai kl. 15:00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: