Sogndal-Åsane: Gratis inngang med Sogndal-drakt

Fosshaugane er best når me er mange. På laurdag er det difor gratis inngang for alle i Sogndal-drakt!

Velkomen til heimekamp i OBOS-ligaen når Åsane kjem på besøk til Fosshaugane. Hjelp oss til årets første siger!

Fosshaugane er best når me er mange. På laurdag er det difor gratis inngang for alle i Sogndal-drakt.

La oss skape ei fantastisk ramme rundt kampen. Akkurat slik Fosshaugane skal vere. Ta med skjerf, flagg og drakt. Ta med naboen. Ta med barna. Ta med mor og far. Ta med bestemor.

Drakt kan du kjøpe med 20 prosent rabatt i Sogndalsbui fram til kampstart. Rabattkode: MeEmed

– Laurdag inviterer me heile bygda og alle som har eit forhold til Sogndal til Fosshaugane. No håpar me folk stiller i drakt og skjerf, tek med seg familie og vener, og er med på å skape dei rammene og den stemninga som løftar oss. Saman kan me gi spelarane den energien dei treng for å bryte syklusen og få det til å snu på heimebane, seier konstituert dagleg leiar, Ingrid Narum.

Godta informasjonskapslar for å sjå video

Familietribuna

Ta med barna på familietribuna og innom leikerommet vårt! Her blir det teikning, perling, brettspel og mykje moro. Før kampstart får barna springe ei runde rundt midtsirkelen og tilbake. Eit skikkeleg høgdepunkt for dei minste.

Skraol

Start fotballdagen på samlingsplassen Skraol! Her får du spennande tilbakeblikk på tidlegare oppgjer mellom Sogndal og Åsane, ferske intervju med trenarane og god stemning saman med andre supportarar. Den perfekte oppladinga før avspark. God stemning og litt snacks, så er me klare når det brakar laus ute på bana.

Sogndalsbui held ope frå ein time før kampstart, i pausen og ein halvtime etter kampslutt. Det er 20% rabatt på årets drakter i Sogndalsbui fram til kampstart. Rabattkode: MeEmed

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: