Sogndal - Åsane

Fosshaugane Campus, avspark klokka 13:00

Då er me framme ved den 30. og siste runden av årets OBOS-liga i dette veldig rare året 2020. Dagens motstandar er Åsane, og då er ringen slutta, sidan det var dei me møtte i den første serierunden.

Sjølv om det er klart kven som har rykka opp og kven som må ta den tunge vegen ned ein divisjon, er det framleis mykje å spela om for mange lag. Tromsø og Lillestrøm er klare for Eliteserien, Kongsvinger og Øygarden skal spela i Post Nord-ligaen neste år.

Me skal spela kvalik den 22. desember! Sidan me har sikra oss tredjeplassen, vil den gå her heime på Fosshaugane. Motstandar er ikkje klar før den 19. desember.

Slik går kampane i den siste serierunden, alle kampane har avspark klokka 13:00:
Jerv – Stjørdals-Blink (Sør Arena i Kristiansand)
Kongsvinger – Ull/Kisa
Lillestrøm – Grorud
Ranheim – Sandnes Ulf
Raufoss – KFUM
Sogndal – Åsane
Strømmen – Tromsø
Øygarden – HamKam (Vestlandshallen)

Det står mykje på spel for mange lag i dag, slik det alltid gjer på den siste kampdagen i OBOS-ligaen.

Slik er tabellen før dagens kampar

OBOS-ligaen

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Haugesund Haugesund 14 10 1 3 43 26 17 31 V V T V V
2 Kongsvinger Kongsvinger 14 9 3 2 36 21 15 30 V V U T V
3 Strømsgodset Strømsgodset 14 8 4 2 41 22 19 28 V V U U T
4 Stabæk Stabæk 14 8 3 3 32 16 16 27 U V T V V
5 Odd Odd 14 7 3 4 27 19 8 24 V T U U T
6 Hødd Hødd 14 6 3 5 22 19 3 21 T T U V V
7 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 14 6 2 6 22 20 2 20 T V V V U
8 Ranheim TF Ranheim TF 14 6 2 6 34 34 0 20 U T V T T
9 Egersund Egersund 14 6 1 7 24 25 -1 19 T T V T V
10 Bryne Bryne 14 5 2 7 19 23 -4 17 V V V T U
11 Moss Moss 14 5 2 7 23 32 -9 17 U V T T T
12 Sogndal Sogndal 14 4 3 7 25 36 -11 15 V T T V T
13 Lyn Lyn 14 4 1 9 17 30 -13 13 T T T T V
14 Raufoss Raufoss 14 4 1 9 17 31 -14 13 T T V T V
15 Åsane Åsane 14 4 1 9 20 30 -10 12 T V T V T
16 Strømmen Strømmen 14 3 2 9 18 36 -18 11

Våre karar fekk seg ein på kjeften sist mot Ull/Kisa. No handlar det om å få att godkjensla inn mot dei siste kampane før me kan ta ferie. Det er lagt ned god jobb på feltet denne veka, og stemninga i troppen er god. Me skal bita god frå oss i dag.

Me snakka med Eirik Bakke etter treninga i går.

Godta informasjonskapslar for å sjå video


Godta informasjonskapslar for å sjå video


Sivert Mannsverk og Daniel Eid gler seg til kamp.

Åsane har overraska mange i år. No på torsdag spelte dei hengekamp mot Jerv på Sørlandet, ein kamp som starta i Grimstad og slutta i Kristiansand. Bergensarane slo til med ein sterk 2-0 siger, og kjem hit i dag med eit ynskje om å revansjera serieopninga på Myrdal, der me slo dei 4-1.

Ikkje mindre enn tre gamle kjenningar kjem til oss i dag! Jonas Fredriksen er den siste som drog, og me må nokre år tilbake i tid då Kristoffer Valsvik og Sindre Austevoll spelte i kvitedrakta for Sogndal 2.

So langt har me hatt ein mild vinter, og i dag blir det lettskya opphaldsvêr, rundt fem grader og litt vind under kampen.

30. runde av OBOS-ligaen 2020
Sogndal – Åsane
Fosshaugane Campus
Avspark klokka 13:00

Stao no pao!!
 

Annonse fra Obos-ligaen: