Sogndal - Bryne

Fosshaugane Campus, avspark klokka 18:00

Ein strålande påske er over, men me tek med oss finvêret når me gjer oss klare til den 3. runden av OBOS-ligaen. Klokka 18:00 er det avspark mot Bryne, og no gler me oss skikkeleg til kamp!

Fredrikstad og Start møttest i Plankebyen allereie i går. Det vart 1-0 og heimesiger. Slik går dagens kampar

Karane har hatt ein fin start på sesongen, med siger heime mot Raufoss og uavgjort borte mot Stabæk står me med fire poeng etter to vanskelege kampar. Dagens kamp blir ikkje mindre vanskeleg!

Bli med i MÅLKLUBBEN

Tabellen etter to runder ser slik ut

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Lillestrøm Lillestrøm 21 16 5 0 50 12 38 53 V V V V V
2 Start Start 21 12 5 4 41 23 18 41 V V T V U
3 Sogndal Sogndal 21 10 5 6 38 31 7 35 V V V V U
4 Kongsvinger Kongsvinger 21 9 7 5 43 33 10 34 U V V V U
5 Lyn Lyn 21 9 5 7 33 24 9 32 V V U V U
6 Aalesund Aalesund 21 8 8 5 38 32 6 32 V T V T T
7 Egersund Egersund 21 9 5 7 34 34 0 32 T V U U V
8 Ranheim TF Ranheim TF 21 8 5 8 26 34 -8 29 U T T U U
9 Raufoss Raufoss 21 6 8 7 36 36 0 25 U V T T V
10 Åsane Åsane 21 6 7 8 27 32 -5 25 T V V U U
11 Moss Moss 21 7 4 10 33 43 -10 25 U T U T V
12 Odd Odd 21 6 6 9 25 28 -3 24 T T U T U
13 Hødd Hødd 21 6 6 9 26 36 -10 24 T T U U T
14 Stabæk Stabæk 21 3 8 10 26 38 -12 17 T T T U U
15 Mjøndalen Mjøndalen 21 3 6 12 26 50 -24 15 V T T U T
16 Skeid Skeid 21 1 8 12 24 40 -16 11 T T U T T



- Dette er ein viktig kamp for oss, sa Tore André til karane under møtet i går før treninga.

Me skal møta eit godt lag, som så langt har fått dårleg betalt. Bryne vil vera på maks i dag for å starta poengfangsten, og dette gjer at våre karar må opp mot sitt beste i dag.



Etter kampen mot Stabæk har me hatt litt fri innimellom treningane slik at karane óg fekk nyta litt av påskesola. Under treninga i går var det god stemning med trøkk, latter og ein gjeng som er veldig gira på kamp. Me tok ein prat med kaptein Per-Egil Flo og Andras van der Spa etter treninga.

Me håpar at mange tek turen til Fosshaugane i dag! Karane treng støtta frå vår tolvte mann! Kjøp dagens kampbillett her

3. runde OBOS-ligaen 2022
Sogndal - Bryne
Fosshaugane Campus
Avspark kl. 18:00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: