Sogndal Fotball satsar på jenter med Fausto som sjef

Klubben har sikra seg Fausto Gromaz som trenar og organisator for klubben med eit spesielt ansvar for å løfte jentefotballen.

Sogndal Fotball skal gi breiddefotballen eit skikkeleg løft i år. Klubben har difor sikra seg Fausto Gromaz som trenar og organisator for klubben med eit spesielt ansvar for å løfte jentefotballen.

Fausto har det siste året vore trenar i Kaupanger. Han er frå Argentina, og har fotball-utdanninga si frå England.

-  Målet er å gi heile breiddefotballen på jentesida eit løft som er i tråd med klubben sin sportsplan, seier Karianne Bergheim som er leiar i breiddestyret i Sogndal Fotball.

Fausto sitt arbeid skal gå som ein raud tråd gjennom jente- og damefotballen. Meininga er at han skal bli kjend med alle jentene og følgja dei frå akademiet til damelaget.

-Det er greitt å ha ein som kjenner jentene og følgjer dei tett. Dermed kan han også ta ansvar for utviklingen, seier Karianne Bergheim.

- Den nye trenaren får gode skussmål frå Kaupanger, ikkje minst når det gjeld spelarutvikling, seier Yngve Hallén som sit i breiddestyret.

Fausto Gromaz skal inn i ei heilt ny stilling i klubben. Breiddestyret har finansiert ein tredjedel av stillinga. Så skal klubben skaffa resten gjennom inntekter frå forskjellige aktivitetar.

-  Det kan vera inntekter frå til dømes fotballskule, akademi og liknande, seier styreleiar Jan Rune Årøy i Sogndal Fotball.

- Eit skilje mellom gutar og jenter blir stadig meir synleg, ikkje minst i ei bygd som Sogndal, seier Yngve Hallén.

Det håpar klubben å gjera noko med ved å satsa på trenarar på heiltid. Målet er at dette skal vera eit tilbod både til dei som vil satsa hardt og til dei som vil satsa mindre. Klubben ønskjer at fleire aktive skal bli med og satsa lenger.

Tordis Ospeseter, eldsjel i damelaget, gledar seg over satsinga.

- Eg er svært glad for at Sogndal Fotball har fått på plass hovudtrenar til damelaget. Den styrkinga klubben no gjer på jentesida, vil skapa kontinuitet og stabilitet, og sikra ei god utvikling av den einskilde spelar, seier Tordis.

Arbeidet med ei betre organisering rundt jentefotballen  starta for eit år sidan.

- Det vil ta tid, men me vil tena på at klubben har erfaring med ei slik satsing på gutesida, seier Yngve.

Sogndal Fotball håpar også at klubben etter kvart kan hausta frukter av at Høgskulen si satsing på trenarutdanning. Dette kan gi større behov for praksisplassar i den lokale klubben for studentar som utdannar seg som trenarar.

Annonse fra Obos-ligaen: