Sogndal Fotball søkjer trenarutviklar til utviklingsavdeling

Vil du vere med å utvikle framtidas spelarar og trenarar i ein norsk toppklubb?

Sogndal Fotball har stolte tradisjonar innan spelarutvikling og er ein sentral arena for unge fotballtalent i heile Sogn og Fjordane. Som einaste toppklubb i regionen tek me eit stort ansvar for både sportsleg og menneskeleg utvikling, og jobbar målretta kvar dag for å få fram unge talent. Som klubb har me også eit godt renommé både nasjonalt og internasjonalt. No søkjer me ein fotballfagleg sterk og engasjert trenarutviklar til utviklingsavdelinga vår. 

Om stillinga 

Rolla som trenarutviklar er sentral i vidareutviklinga av både trenarar og spelarar i klubben. Du får hovudansvar for intern trenarutvikling i utviklingsavdelinga, kvalitetssikring av klubben sitt sportslege planverk og gjennomføring av eksterne trenarutviklingsprogram. 

Stillinga krev stor arbeidskapasitet, fleksibilitet og evne til å jobbe strukturert over tid i eit prestasjonsmiljø. 

Arbeidsoppgåver 

Som trenarutviklar vil primæroppgåver vere: 

  • Rettleie og følgje opp trenarar på feltet under trening og kamp 
  • Vere ein fagleg samtalepartnar og støtte i trenarane sin kvardag 
  • Delta i planlegging, gjennomføring og evaluering av treningar og kampar 
  • Utarbeide individuelle utviklingsplanar for alle trenarar i utviklingsavdelinga 
  • Gjennomføre utviklingssamtalar med trenarar minimum fire gonger årleg 
  • Kvalitetssikre trenings- og teamprosessar i tråd med klubben sin fotballfilosofi 
  • Vidareutvikle og oppdatere klubben sitt sportslege planverk i samarbeid med utviklingsansvarleg 

I samarbeid med utviklingsansvarleg: 

  • Ha ansvar for trenarforum og logistikkmøte i utviklingsavdelinga 
  • Bistå i rekruttering av trenarar og støttefunksjonar 
  • Delta i arbeidet med NTF-akademiklassifisering 
  • Vere fagansvarleg for Elitecampar og fotballskular 

Kvalifikasjonar 

  • Minimum UEFA A-lisens 
  • Sterk fotballfagleg kompetanse 
  • Gode samarbeidsevner og evne til å bidra positivt i arbeidsmiljøet 
  • Trenarerfaring frå toppklubb og kjennskap til akademiklassifisering er ein fordel 

Personlege eigenskapar 

  • Strukturert og utviklingsorientert 
  • Tydeleg kravsettar i eit toppidrettsmiljø 
  • Løysingsorientert og sjølvgåande 
  • Stor arbeidskapasitet og høg motivasjon 
  • Ambisiøs på eigne og klubben sine vegner 
  • Opptatt av å utvikle heile mennesket 

Me tilbyr 

  • Eit engasjert og fagleg sterkt utviklingsmiljø 
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling 
  • Lønn etter avtale 

Søknadsfrist: 15. februar 2026 
Tiltreding: 1. mars 2026 

Samtalar vert gjennomført fortløpande. 

Søknad med CV sendast til: [email protected] 
Spørsmål? Ta kontakt med utviklingsansvarleg Anders Stadheim på mobil 917 39 936. 

Annonse fra Obos-ligaen: