Sogndal G19 er ute av cupen
Brann vart for sterke og juniorane våre er ute av årets NM Sogndal G19 Utviklingsavdelinga
Det vart ein tøff kamp mot Brann G19 på Varden Amfi i dag. Heimelaget opna kampen med stort trøkk og det vart vanskeleg å stå i mot. Etter to baklengsmål i fyrsteomgang auka Brann til 5-0 i andreomgang.
Brann opna kampen i høgt tempo og satte våre gutar under stort press. Dei fyrste minutta var det spel mot eit mål og leiarmålet kom på eit direkte frispark. Daniel Sætren stod som ein vegg dei fyrste minutta, men når skotet frå Patrik Andersen gjekk via ein forsvarar klarte han ikkje å halde ballen ute. Når det var spelt 33 minutt spelte heimelaget seg flott igjennom og Julian Lægreid fekk banka ballen i mål til 2-0. Det var også stillinga til pause.
I andreomgang heva Sogndal seg og fekk satt inn eit lite trykk. Fleire gode moglegheiter vart diverre ikkje utnytta og heimelaget utnytta høgt press med å spele seg igjennom og legge på til 3-0. Like etter fekk dei straffe som Daniel Sætren redda, men returen satte Markus Haaland i mål til 4-0. I denne perioden gjekk det særs fort og det gjekk berre 4 nye minutt før Julian Lægreid satte dagens 5. for heimelaget.
Dei siste 15 minutta brukte ein resten av troppen og unggutta som kom inn gjorde ein god jobb med å presse Brann heilt tilbake til eigen keeper fleire gonger. Uflaks og unøyaktigheit hindra at ein fekk med seg eit mål før kampen var over. I same periode fekk Brann eit nytt straffespark. Daniel Sætren redda si andre straffe for dagen, og denne gongen fekk ein klarert vekk returen. Då enda det med 5-0-tap mot eit godt Brann-lag.
På søndag kjem det ein særs viktig kamp når den same gjengen spelar for Sogndal 2 borte mot Eid. Laget på 3. plass i Kretsligaen blir ein tøff motstandar, og kvart poeng tel i kampen om opprykket.
STAO NO PAO!