Sogndal - Grorud

Fosshaugane Campus - Avspark kl. 15:30

Den vakre bygda vår har teke på seg vinterdrakta! Snøen ligg som eit kvitt teppe heilt ned til fjorden, og dét fortel oss at me no er heilt i innspurten av årets sesong!

Helgas runde i OBOS-ligaen vert diverre amputert. Koronapandemien har auka på dei siste vekene, og no er både Åsane, Lillestrøm og Jerv i karantene.

Me får då desse kampane i helga:
Strømmen – Ull/Kisa 13:00
Jerv – Åsane er utsatt
Kongsvinger – Stjørdals-Blink 15:30
Ranheim – HamKam 15:30
Sogndal – Grorud 15:30
Øygarden – Sandnes Ulf 15:30

I morgon tek Raufoss i mot Tromsø klokka 15:00, Lillestrøm – KFUM Oslo er utsatt.
Tabellen før runde 28 ser slik ut

OBOS-ligaen

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Kongsvinger Kongsvinger 8 6 2 0 20 8 12 20 U V U V V
2 Strømsgodset Strømsgodset 8 5 2 1 20 11 9 17 U V V V U
3 Haugesund Haugesund 8 5 1 2 23 13 10 16 T V T U V
4 Odd Odd 8 5 1 2 17 11 6 16 V V V T T
5 Stabæk Stabæk 8 4 2 2 18 10 8 14 V V V T U
6 Ranheim TF Ranheim TF 7 4 1 2 20 14 6 13 T V U T V
7 Egersund Egersund 8 4 1 3 12 8 4 13 T V T T U
8 Moss Moss 8 4 1 3 13 15 -2 13 V T T V U
9 Hødd Hødd 8 3 2 3 10 11 -1 11 U V V U T
10 Sogndal Sogndal 8 2 3 3 14 18 -4 9 V U V U U
11 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 8 2 1 5 9 13 -4 7 U T T V T
12 Raufoss Raufoss 8 2 1 5 9 14 -5 7 T T T V V
13 Bryne Bryne 8 2 1 5 13 19 -6 7 T U V V T
14 Lyn Lyn 8 2 1 5 7 15 -8 7 T T V T U
15 Strømmen Strømmen 7 1 1 5 10 25 -15 4
16 Åsane Åsane 8 1 1 6 9 19 -10 3 T T T U V

I dag får me ein kamp som er viktig for begge lag. Me skal kjempa om viktige poeng for å halda på den flotte tredjeplassen, Grorud kan med siger i dag vera på god veg til fornya kontrakt i OBOS-ligaen.

Me skal revansjera det som skjedde i sommar då Grorud slo oss med 3-1. Det blir ein tøff kamp i snøen, men om karane våre er på hogget og gir bånn gass frå start, skal me ta dei!

Me gler oss til kamp!

28. runde i OBOS-ligaen 2020
Sogndal – Grorud
Fosshaugane Campus
Avspark klokka 15:30

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: