Sogndal - HamKam

Fosshaugane Campus - Avspark klokka 18:00

Me er framme ved runde 8 av OBOS-ligaen 2020. I dag får me storfint besøk på Fosshaugane av den tradisjonsrike klubben ved Mjøsa, sjølvaste HamKam!

Me har allereie møtt dei grønkledde tidlegare i år, i treningskamp på Briskeby. Den kampen enda 1-1

Sidan den gong har me spelt sju seriekampar. Våre karar har vunne fire og tapt tre. medan Kamma so langt står utan siger, dei har to uavgjort og fem tap. Det er ikkje få poeng dei har tapt i sluttminutta.

Slik går runde 8
 

Tabellen etter sju kampar ser slik ut
 

Me tok ein prat med trenar Eirik Bakke etter gårsdagens trening


Det er framleis ikkje opning for at meir enn 200 tilskodarar får plass til dagens kamp, dette grunna den pågåande Korona-pandemien. Dei 200 heldige har allereie fått billetten, det er altså ikkje billettsal på stadion.

Har du ikkje billett til dagens kamp, kan du sjå den på dplay

Daniel Eid tok seg ein prat med Kristoffer Hoven og Per Magnus Steiring etter treninga i går


Stemningen i gruppa er veldig bra etter tysdagens siger mot Lillestrøm. Det er ein fokusert og svolten gjeng som skal utpå kunstgraset i dag. Og det skal bli ein fine kveld for fotball med grader i overkant av 20-talet, litt lettskya og berre ein litt flau vind. Me gler oss veldig til kampen!

Runde 8 av OBOS-ligaen 2020
Sogndal - HamKam
Fosshaugane Campus
Avspark klokka 18:00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: