Sogndal - HamKam kl. 14:00

Generalprøve i dag på Fosshaugane Campus

Ein lang sesongoppkøyring går mot slutten! No gjenstår det berre ein treningskamp att før me startar seriespelet neste helg mot Ull/Kisa.

Motstandar i dagens generalprøve er HamKam, avspark er 14:00.

Adrian Solberg spelte ein god kamp mot Brann, og den lovande Sogndølen starta kampen bra mot Aalesund på Color Line. So gjekk det gale og han måtte ut med skade i skuldera. Adrian sin veg tilbake har vore kortare enn forventa, og han er i dagens kamptropp! Me snakka med han etter trening i går.





Martin Ove Roseth spelte 30 minutt mot Raufoss og er endeleg tilbake etter lang tid ute med skade. Me snakka med han og Daniel Eid i går, og sunnmøringane håpar at mange tek turen på kamp i dag.



Eirik Bakke gler seg til kampen

Me har lov til å ha 600 tilskodarar på kamp, og i dag er det gratis inngang!

Det blir mobilt kiosksalg, bra spel, skåringar og moro!

Bestill din gratis kampbillett her

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: