Sogndal - KFUM Oslo

Fosshaugane Campus - Avspark klokka 15:30

OBOS-ligaen er på den siste oppløpssida – me er allereie framme ved den 26. runden av årets seriespel.

Me har fire kampar i dag, og to i morgon. Etter at Grorud og Stjørdals-Blink måtte i koronakarantene, er kampane Jerv - Grorud og Strømmen - Stjørdals-Blink utsatt.

Slik går kampane denne helga
Slik går kampane denne helga

Fem kampar står altså att for karane til Eirik Bakke. Me skal spela tre heime, og to borte. I dag gjer me oss klare til Sogndal – KFUM Oslo!

Me står foran ein tøff kamp i dag. Kåffa er eit godt lag. Det fekk me merka på Ekeberg i juli, då me fekk ein skikkeleg på nasen. Profetane har ikkje tapt sidan i september og er ligaens formlag.

Eirik Bakke ser fram mot kampen





Endre Kupen håpar på skåring i dag

Me må rett og slett opp på hesten! I dag må me vera kyniske bakerst og stenga buret – og me må vera kliniske i den andre boksen – der må me opna buret!

Det unge gjengen til Bakke og kompani har hatt ein tøff haust. Me har fått smaka på det! Det bur så mykje bra i desse gutane og om ein ser på prestasjon bak resultat, er me på rett veg.

Slik er tabellen før runde 26
Slik er tabellen før runde 26

Eirik sa det før sesongen, og gjennom sesongen – Folk må vera tålmodige med denne gjengen!

Me har fått sjå kva som bur i dei i mange kampar der karane har begeistra! Så må me tåla at det ikkje alltid går slik me vil – men me har i alle fall gjort ærlege forsøk.

I dag går me sjølvsagt for tre poeng! Kampen i Oslo ligg der som ein gulrot til revansje. I dag skal me Stao Pao! Arbeidshandskane skal på, og det blir full innsats – den svoltne gjengen vår er klare til kamp og me gler oss!

Runde 26 av OBOS-ligaen 2020
Sogndal – KFUM
Fosshaugane Campus
Avspark klokka 15:30

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: