Sogndal - Kongsvinger

Fosshaugane Campus - Avspark klokka 18:00

Det er duka for den 18. runden av årets OBOS-liga.

Runden er litt amputert då Lillestrøm sin kamp mot Jerv er utsatt. I dag har me seks kampar og ein i morgon. Slik går runden

Det er ikkje så lenge sidan me spelte 0-0 mot Kongsvinger på Gjemselund





Assistenttrenar Marius Lenni Bøe er optimist før dagens kamp.

Det er ein veldig flott haustdag i Sogndal i dag, med sol og god temperatur. Under kampen er det venta 16 grader, lettskya og svak vind.

Bortelaget har kome veldig dårleg ut av det i år og er eit mykje betre lag enn kva tabellen fortel oss. Sist tapte dei mot erkerival HamKam, slikt svir og slikt skal rettast opp! Me skal nok få litt av kvart å hanskast med i dag. Me gler oss til å sjå Victor Grodås og Per Magnus Steiring igjen. Dei kom over fjellet i går, me får satsa på at dei ikkje går i feil garderobe i dag.

Slik ser tabellen ut før dagens kampar

Med kamp både måndag og fredag i forrige veke, har treninga inn mot dagens kamp vore av det restituerande slaget. Det har vore latter og skrål på treninga, noko som er eit godt teikn! Den unge gjengen vår gler seg til kamp, og svoltne som dei er vil dei veldig gjerne kunne festa ein ny skalp i beltet i kveld!

For å klara det er det hardt arbeid som gjeld! Det er på med arbeidshanskane og bånn gass frå start! Me må kjempa på gjennom heile kampen, og stao pao!

Me gler oss veldig til kamp!

 

Annonse fra Obos-ligaen: