Sogndal - Kongsvinger

Fosshaugane Campus, Avspark klokka 18:00


Me gjer oss klare til den femte runden av OBOS-ligaen, og i dag får me besøk frå de djupe skogene og eit lag me kjenner godt.

Me møtte Kongsvinger då me var i Spania i vinter. På Dama de Noche vart det 3-2 til karane våre etter ein jamnspelt kamp mot dei raudkledde. Då me snakka med trenar Tore André før dagens kamp var han tydeleg på at dette er eit godt lag som likar å halda på ballen.



- Me må vera opp mot vårt beste mot Kongsvinger, er Flo tydeleg på.

Runde fem av OBOS-ligaen starta i går med tre kampar. I dag har me fem spennande oppgjer.

280423493_468105355142318_5918324566984917224_n.jpg

I går kunne me sjå at eit svært solid Start har funne formen der dei vann 3-0 borte mot Grorud. Det ser ut til at det kan bli makrellfotball på Sørlandet denne sommaren.

Det var óg topp mot botn på Nordre Åsen i Oslo då Skeid tok i mot Mjøndalen - og tabellplasseringa stod seg framleis etter kampen. Vegard Hansen sine menn tok med seg tre poeng heimatt i kampen som enda 1-2 til bruntrøyene.

På Åsane Arena møttast to lag som ikkje hadde vunne på sine fire første kampar, og den statistikken held seg framleis etter 1-1 mellom Åsane og Stjørdals-Blink.

Før dagens kampar har me denne tabellen

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Sogndal Sogndal 4 2 2 0 6 3 3 8 U V U V
2 Kongsvinger Kongsvinger 4 2 2 0 8 6 2 8 V U U V
3 Levanger Levanger 4 2 1 1 9 4 5 7 U V V T
4 Egersund Egersund 3 2 1 0 10 7 3 7 V U V
5 Stabæk Stabæk 3 2 1 0 5 2 3 7 U V V
6 Bryne Bryne 4 2 0 2 4 3 1 6 V T T V
7 Moss Moss 4 2 0 2 5 7 -2 6 V T V T
8 Lyn Lyn 4 1 2 1 5 5 0 5 T U V U
9 Vålerenga Vålerenga 4 1 2 1 5 6 -1 5 U V T U
10 Ranheim TF Ranheim TF 4 1 1 2 7 7 0 4 T V T U
11 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 4 1 1 2 7 8 -1 4 T T V U
12 Aalesund Aalesund 4 1 1 2 5 8 -3 4 U V T T
13 Åsane Åsane 3 0 3 0 5 5 0 3 U U U
14 Mjøndalen Mjøndalen 3 0 2 1 3 5 -2 2 U T U
15 Start Start 4 0 2 2 4 8 -4 2 T T U U
16 Raufoss Raufoss 4 0 1 3 2 6 -4 1 U T T T

Er du med i Målklubben? Sjå herfor meir info!

I dag har innbyggjarane i Sogndal gratis inngang, noko som er sponsa av gode støttespelarar i kommunen vår. Me håpar óg at bygdene og regionen rundt kjem på kampen i dag. Ta turen og støtt karane i kampen om viktige poeng i flott vårvêr!

Runde 5 av OBOS-ligaen 2022
Sogndal - Kongsvinger
Fosshaugane Campus
Avspark klokka 18:00

Stao no pao!

 

 

Annonse fra Obos-ligaen: