Sogndal - Mjøndalen Billettar

Fosshaugane Campus, måndag 27. juni klokka 18:00

Kjøp din kampbillett her

Første tredjedel av sesongen er unnagjort. Me har spelt ti kampar, det står att tjue. På måndag tek me i mot Mjøndalen til storkamp på Fosshaugane.

Dette blir det første møtet med gutane til Vegard Hansen sidan kampen på Intility Arena i romjula 2020 der dei brunkledde rykka opp til Eliteserien etter eit drama utan sidestykke. 

Mjøndalen starta sesongen særs sterkt med sju sigrar og ein uavgjort på dei åtte første kampane. Det første tapet kom heime mot Ranheim med 1-2 - og så var det heilt natta borte mot Brann der det vart 7-0 til bergensarane.

Karane våre tok ein viktig siger mot Skeid i går - og no skal me gjera Fosshaugane til eit fort ut sesongen! Bli med som vår tolvte mann og støtt karane!

Kjøp din kampbillett her

Annonse fra Obos-ligaen: