Sogndal - Øygarden

Fosshaugane Campus, Avspark klokka 18:00

Me er framme ved den 12. runden av årets OBOS-liga. I dag skal me spela vår sjette heimekamp, motstandar er Øygarden.

Det var ein litt skuffa gjeng som gjekk av bana etter 2-2 mot serieleiar Tromsø på Alfheim på måndag. Det er positivt at ein er skuffa etter uavgjort i ein slik kamp, då det betyr at dette er ein svolten gjeng som vil vinna kampar.

Skal me halda oppe trøkket, er det viktig at me i dag er på tå hev. 

Slik går dagens kampar

Karane er inne i ein god stim. Formen er god, stemningen i gruppa er veldig god, resultatrekkja i det siste er heller ikkje til å grina på nasen av.

Men så er jo fotballen slik at det ligg bananskal rundt om, og skal me unngå eit slikt i dag er det viktig at me er fokuserte inn mot kamp, påskrudde frå start og har på arbeidshanskane!

Me må tørra, vera tøffe i hovudet, spela ball og flytta bein, me skal opp og fram! Dette er ting Bolli, Bøe og Bakke jobbar i lag med karane sine kvar einaste dag på feltet - og i dag skal dei unge spelarane på bana visa Øygarden at det bur noko spesielt i denne fine gjengen me har her i Sogndal!

Slik er tabellen før runde 12

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Sogndal Sogndal 4 2 2 0 6 3 3 8 U V U V
2 Kongsvinger Kongsvinger 4 2 2 0 8 6 2 8 V U U V
3 Levanger Levanger 4 2 1 1 9 4 5 7 U V V T
4 Egersund Egersund 3 2 1 0 10 7 3 7 V U V
5 Stabæk Stabæk 3 2 1 0 5 2 3 7 U V V
6 Bryne Bryne 4 2 0 2 4 3 1 6 V T T V
7 Moss Moss 4 2 0 2 5 7 -2 6 V T V T
8 Lyn Lyn 4 1 2 1 5 5 0 5 T U V U
9 Vålerenga Vålerenga 4 1 2 1 5 6 -1 5 U V T U
10 Ranheim TF Ranheim TF 4 1 1 2 7 7 0 4 T V T U
11 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 4 1 1 2 7 8 -1 4 T T V U
12 Aalesund Aalesund 4 1 1 2 5 8 -3 4 U V T T
13 Åsane Åsane 3 0 3 0 5 5 0 3 U U U
14 Mjøndalen Mjøndalen 3 0 2 1 3 5 -2 2 U T U
15 Start Start 4 0 2 2 4 8 -4 2 T T U U
16 Raufoss Raufoss 4 0 1 3 2 6 -4 1 U T T T


Det er ein fin dag i Saftbygda. Sola ligg såvidt bak eit lite slør og det skal vera litt skyer, streif av sol og stigande temperatur utover. Under kampen blir det overskya, rundt femten grader og små pust frå Dalatrekken.

Me fekk juling i generalprøven for nokre veker sidan, i dag skal Øygarden få smaka på det! Me gler oss til kamp!

Runde 12 av OBOS-ligaen 2020
Sogndal - Øygarden

Fosshaugane Campus
Avspark klokka 18:00
Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: