Sogndal - Ranheim

Kvalikkamp 3 - Avspark klokka 13:00 på Fosshaugane Campus

Kampdag!

Me er klare for årets aller siste kamp på Fosshaugane!

Det er 22. desember og aldri har me spelt ein så viktig kamp så seint på året!

For no er dagen me har venta lenge på her! I dag gjeld det, me må vera på vårt aller beste – det er duka for kvalikkamp nummer tre: Sogndal – Ranheim!

Og som det meste dette året er kamptidspunktet av det uvanlege slaget, i dag skal me spela kamp klokka 13:00, på ein tysdag!



Det er ikkje mogleg å ikkje tenka tre år tilbake i tid i dag for oss som har fotballhjartene i Svart og Kvitt. Som Eirik Bakke seier: Det som skjedde i Ranheimsfjæra i 2017 vil me aldri klara å gløyma! Men i dag får me bruka revansjesuget på ein positiv måte. Me ynskjer blåtrøyene frå Trondheim velkomen til oss – det skal bli ein fair kamp, og me har tenkt å senda dei heim slik me måtte reisa heim frå Trondheim!

Ranheim slo ut Åsane for tre dagar sidan med 4-1 – det var ein kamp der dei var heldige og Åsane slitne og uheldige. Det er absolutt mogleg å tukta dette laget som me knuste 4-0 på Fosshaugane, og hadde fortent poeng mot i Trondheim, der sluttresultatet vart 1-0 til Ranheim.



Det har butta litt i mot for gjengen vår i det siste. Fram mot denne kampen har fokuset vore å få opp speleglede, entusiasme og det drivet som prega oss tidlegare i sesongen. Me har sett ein gjeng på treningsfeltet som har vore veldig fokuserte, men óg humørfylte!



Det er ein gjeng som veldig, veldig gjerne vil vinna i dag!

For å klara det, må me vera påskrudde frå første spark, flytta bein, vera tøffe i hovudet, knallharde i duellspelet og skarpe i begge boksane - og berre dura på!

Dette skal me klare! Me skal vinna denne kampen!!

Kvalikkamp 3

Sogndal – Ranheim
Avspark kl. 13:00 på Fosshaugane Campus

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: