Sogndal - Ranheim

Fosshaugane Campus - Avspark klokka 18:00

Me er klare for runde 10 av årets OBOS-liga. I dag får me besøk frå Trondheim. Blåtrøyene frå Ranheim er tilbake i Saftbygda - og utan at me skal dra det for langt: Det vil smaka særs godt med tre poeng mot akkurat Ranheim!

Me vel å gå forbi vårt siste møte med trønderane i det stille, men i dag er dagen eindel av oss har venta på - no skal me ta att.

Ranheim rykka ned i fjor, men har starta årets sesong greitt. Sist viste dei god form med storsiger mot Øygarden.

Våre karar tok grep etter ein trist kamp på Ekeberg, no står me med tre sigrar og ein uavgjort på dei fire siste. På fredag vart det 2-2 mot Stjørdals-Blink, ein kamp me fortente å vinna.Karane gjorde ein god figur, og det er mykje positivt å ta med seg frå den kampen. I dag får den fine gjengen til Eirik Bakke og kompani sjansen på ny.

Slik enda det i kampane på fredag
 

Etter ni kampar ligg me på ein fjerde plass. Me e' med! Og den unge gjengen i kvitedrakta har mange gode kampar att i årets sesong,

Slik ser tabellen ut før kveldens kampar
 

Runde 10 har desse spennande oppgjera
 

Om juli var av det kalde slaget, har me fått nokre veldig flotte dagar no på seinsommaren. I dag starta skulen for dei håpefulle i bygda, og det er sol, blå himmel og god varme i den vakre bygda vår. Under kampen i dag får me solskin og vindstille. Ved kampstart skal det vera 24 grader i Sogndalsfjøra, kan Yr fortelja. Det blir varmt på kunstgraset i dag.

Det er diverre framleis berre 200 tilskodarar som får billett til kamp no under pandemien som herjar. Det er ikkje billettsal til kampen, så om du ikkje er blant dei heldige, ser du kampen på dplay

Runde 10 - OBOS-ligaen 2020
Sogndal - Ranheim
Fosshaugane Campus
Avspark klokka 18:00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: