Sogndal - Raufoss

Me er klare for runde 6 av årets OBOS-liga!

Sola skin over den vakre bygda vår, det er fredag og me skal ha kamp på Fosshaugane.

I dag får me Raufoss på besøk. Avspark er klokka 18:00, og det er nok framleis slik at ein ikkje får sjå kampen på stadion.

Slik ser du dagens kamp
Me er som kjent midt i ein pandemi, noko som fører til at det er store restriksjonar på kven som kjem inn på kamp. Dei som har fått billett, har allereie fått melding om dette. Det er ikkje billettsal på stadion til dagens kamp, diverre.

I dag er det difor berre mogleg å sjå kampen via betalingskanal, og i år er det dplay som gjeld. Dei skal visa alle kampane, og legg opp til eit større og betre opplegg rundt OBOS-ligaen enn nokon gong. For 159,- i månaden får du tilgang på alle kampane i OBOS-ligaen, Eliteserien, Eurosport og alle dei andre kanalane. Ta ein titt her

Sjå Sogndal - Raufoss på dplay

Runde 5
I dag ser sendeskjema slik ut

OBOS-ligaen - 2020 - Runde 6

Dagens motstandar har hatt ein start på årets sesong med to sigrar, ein uavgjort og to tap:
Tromsø - Raufoss 1-0
Raufoss - Stjørdals-Blink 3-1
KFUM - Raufoss 2-1
Øygarden - Raufoss 4-4
Raufoss - Kongsvinger 2-0

Våre karar slo til med kalasfotball i dei to første kampane, men det har gått i oppoverbakke dei siste tre. No må me nullstilla, på med arbeidshandskane og smilet, og køyra på. Så skal det bli ein kjekke kveld på Fosshaugane.

I fjor møtte me Raufoss to gonger. Her heime vart det tap med 1-3, på Toten vart det 1-1 i ein veldig kald kamp.

Slik ser tabellen ut før kveldens kampar
 

OBOS-ligaen - 2020 - Tabell - Runde 5

Me går ein fin fredagskveld i møte. Under kampen blir det lettskya, flau vind og rundt 23 grader.

Annonse fra Obos-ligaen: