Sogndal - Raufoss kl. 14:00

Treningskamp i dag på Fosshaugane Campus

Då er me klare til vår fjerde treningskamp før seriespelet startar. I dag tek me i mot divisjonskollega Raufoss på Fosshaugane Campus. Avspark er klokka 14:00.

Dei siste vekene har me spelt desse treningskampane:
Sogndal - Brann 4-1
Aalesund - Sogndal 1-0
Molde - Sogndal 2-0

Neste helg skal me møta HamKam i generalprøven her på Fosshaugane.

Raufoss kom til den vakre bygda vår i går, og dei reiste straks opp for å testa ut kunstgraset på Haugadn. Assistenttrenar Kai Erik Moen var i det leikne hjørnet og viste at han er i nesten like god form no som då han var publikumsyndling på nittitalet.

I dag får me kanskje gjensyn med ein noverande publikumsyndling! Martin Ove Roseth har trena seg tolmodig opp etter skaden han pådrog seg i fjor haust, og er no i kamptropp for første gong i år. Me gler oss over at voldaguten snart er heilt fit for fight!

Martin Ove Roseth mot Raufoss i 2020
Martin Ove spelte ein god kamp mot Raufoss i fjor (Foto: Rune Sjøberg)

Karane våre har drive med lett restitusjonstrening etter kampen mot Molde. I dag er det nokre som får kvila litt, medan me får sjå nokre unge, lokale gutar på bana i dag. Her fortel trenar Eirik Bakke litt om det då me snakka med han etter treninga i går.



Me gler oss til kampen, og det hadde vore kjekt om du tek turen i den vakre vårsola som badar Sogndal i dag.

Me har 600 billettar til oppgjeret mot Raufoss - kjøp din billett her

Billettpris: 100,- (kun Fylkestribuna og Sognekraft Øvre).

Mobilt kiosksalg.

For å få arrangera treningskampar, har me ein streng smittevernsprotokoll. Det er viktig at dei med billett merkar seg dette:

  • Alle skal sitje på sete som samsvarer med det som står på billetten.
  • Billett kjøpt på felt U,V eller W går inn Port 5
  • Billett kjøpt på felt Y,Z eller Æ går inn Port 6
  • P.g.a smittevern mot spelartroppane skal INGEN sitje på Sognekraft Nedre.

Stao no pao!!

 

Annonse fra Obos-ligaen: