Sogndal - Sandnes Ulf - Billettar

Fosshaugane Campus, Søndag 29/5 kl. 15:00

Billettsalet til kampen Sogndal - Sandnes Ulf førstkomande søndag er no i gang.

Kjøp din kampbillett her

Etter ein flott start på sesongen, har det butta litt i mot i dei siste seriekampane. Karane er revansjesugne, og dei treng støtta di på søndag!

Det har vore mange tette og jamne kampar mot laget frå sykkelbyen, og det blir heilt sikkert dramatikk og spenning på søndag.

I tilsvarande kamp i fjor kom me under med 0-2 før Peter Godly Michael reduserte, og heilt mot tampen av kampen utlikna Kristoffer Hoven. I Sandnes vann gutane til Bjarne Berntsen 2-0.

I 2020 tapte me begge kampane mot dei lyseblå, men året før glimta me til med ein siger i Sandnes etter at det vart 1-1 på Fosshaugane. I 2018 spelte me 2-2 heime og tapte 1-0 borte.

På søndag skal me ta tre poeng! I lag med vår tolvte mann på tribuna skal me sørga for at me kan ta ein liten fotballferie med eit godt smil om munnen. Kom på kamp og støtt karane!

Kjøp din kampbillett her

Annonse fra Obos-ligaen: