Sogndal - Sandnes Ulf

Me er klare for runde 4 av OBOS-ligaen 2020

Me er klare for den fjerde runden av årets seriespel, og i dag tek me i mot våre vener frå Sandnes Ulf.

Avspark på Fosshaugane Campus er klokka 18:00

Slik går kampane denne runden
 

Me har denne tabellen etter dei tre første kampane
 

Sandnes Ulf har so langt vunne ein kamp og spelt uavgjort to gonger.

Sigeren kom heime mot Øygarden i eit målkalas som enda 4-3. Dei lyseblå spelte 2-2 borte mot Jerv, og sist vart det 1-1 heime mot Lillestrøm.

Våre gutar pangopna med 4-1 borte mot Åsane, det vart storsiger med 6-1 mot Ull/Kisa kampen etter, og så fekk me ein skikkeleg på kjeften mot Grorud borte, der Oslo-gutta vann fortent 3-1.

Karane gler seg til kamp
Axel Kryger og Tomas Kristoffersen har begge fortd i Sandnes Ulf, me snakka med dei etter treninga i går.





Eirik Bakke opplevde fredag at gamleklubben Leeds endeleg rykka opp att i Premier League. Eirik er óg tydeleg på at han ynskjer å sjå svoltne karar i dagens kamp mot Sandnes Ulf.

Slik ser du kampen
Me er som kjent midt i ein pandemi, noko som fører til at det er store restriksjonar på kven som kjem inn på kamp. Dei som har fått billett til kampen er kontakta, det er ikkje billettsal i dag.

So langt er det for dei fleste berre mogleg å sjå kampen via betalingskanal, og i år er det dplay som gjeld. Dei skal visa alle kampane, og legg opp til eit større og betre opplegg rundt OBOS-ligaen enn nokon gong. For 159,- i månaden får du tilgang på alle kampane i OBOS-ligaen, Eliteserien, Eurosport og alle dei andre kanalane. Ta ein titt her

Sjå Sogndal - Sandnes Ulf på dplay

 

Annonse fra Obos-ligaen: