Sogndal - Sandnes Ulf

Fosshaugane Campus. avspark klokka 15:00

Me er klare for ny kamp i OBOS-ligaen. I dag klokka 15:00 er det duka for oppgjeret Sogndal - Sandnes Ulf på Fosshaugane Campus.

Slik gjekk det i tilsvarande kamp i fjor



Me kom under med 0-2 allereie etter 20 minutt av den kampen, men karane kjempa på og etter 26 minutt reduserte Peter Godly Michael. Utlikninga til 2-2 kom ved Kristoffer Hoven berre åtte minutt før full tid.

Det var full runde i OBOS-ligaen på torsdag med desse resultata



I Trøndelag slo karane våre til med ei viktig 3-1 siger mot Stjørdals-Blink - og etter to labre resultat i serien var det godt å slå tilbake slik. Måla våre kom ved Peter Godly Michael og Jónatan Jónson og eit sjølvmål.

Rundens lag etter den 8. runden

I runde ni har me tre kampar i dag, alle med avspark klokka 15:00:
Ranheim - Fredrikstad
Sogndal - Sandnes Ulf
Bryne - Start

I morgon går dei fem siste kampane i runden, alle med avspark klokka 18:00:
Grorud - Stjørdals-Blink
Stabæk - Kongsvinger
Brann - Mjøndalen
Raufoss - Åsane
KFUM - Skeid

Bli med i Målklubben

Det er alltid tette og jamne kampar når Sogndal og Sandnes Ulf barkar i hop. Laget frå Sykkelbyen fekk ein strålande start på sesongen med fire strake sigrar, før dei gjekk på tre tap på rappen. Mot Skeid på torsdag var toget til Bjarne Berntsen på skinnene att og kunne reise heimatt med tre poeng.

Axel Kryger får eit gjensyn med gamleklubben i dag. Martin Ramsland har skifta frå gult (Start) til lyseblått, og står med fire skåringar for Ulf så langt i år. 

I dag er det nokså grått på Fosshaugane, det er óg fare for regn under kampen. Temperaturen skal halda seg rundt 10 grader.

Me håpar at mange tek turen til Fosshaugane for å støtta karane!
Kjøp billett til dagens kamp her

Annonse fra Obos-ligaen: