Sogndal - Stjørdals-Blink

Fosshaugane Campus - Avspark klokka 18:00

Halve sesongen er ferdigspelt, me tek no fatt på andre del av OBOS-ligaen 2020. Så langt har karane våre levert sakene, og vel så det!



Trenar Eirik Bakke gler seg til dagens kamp.

Det skal spelast mange interessante kampar i dag, og i utgangspunktet skulle det ha vore full runde.
Grunna at ein spelar i Jerv har fått påvist korona-smitte, er troppen til sørlendingane i karantene, og kampen mellom HamKam og Jerv er difor utsatt.
Men me er klare til kamp! Her er dagens kampoppsett
 

I dag får me flott besøk på Fosshaugane. Stjørdals-Blink har reist over fjellet med eit sterkt mannskap som etter femten kampar ligg godt plassert på øvre halvdel av tabellen. Dette blir ein tøff test for karane til Eirik Bakke og kompani!

Då me møtte trønderane i Stjørdal for nokre veker sidan møtte me hard motstand. Me spelte ein god kamp og var i leiinga to ganger, men heimelaget kom tilbake mot slutten av kampen som enda 2-2.


For ei veke sidan var det Sandnes Ulf som fekk smaka på det då dei måtte reisa heim frå Trøndelag med null poeng etter å ha vore i leiinga med både 2-0 og 4-2! Heimelaget ville ikkje gi seg, og vann tilslutt 5-4 i ein ellevill fotballkamp!

Dette betyr at me må henta fram dei same frasene som alltid: Karane må ta på seg arbeidshanskane før kampstart og vera påskrudde frå start, me må vera tålmodige, tøffe i hovudet og spela ball og flytta bein. Og så er det jo slik at denne unge gjengen vår både har begeistra og imponert til no i år - me går sjølvsagt for tre poeng i dag med desse karane som vil opp og fram!

Tomas Kristofersen tok ein prat med Mathias Blårud og Igoh Ogbu etter treninga i går.





Daniel Eid og Hoven-karane gler seg til kamp

Slik er tabellen før dagens kampar

Treningane inn mot kampen har vore prega av humør og speleglede, full innsats og ein gjeng som gler seg til kamp! Me ser fram til å stussa bartane til trønderfolket i kveld!

16. runde av OBOS-ligaen 2020
Sogndal- Stjørdals-Blink
Fosshaugane Campus
Avspark klokka 18:00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: