Sogndal - Stjørdals-Blink Billettar

Fosshaugane Campus, Søndag 9/10 kl. 14:00

Me går ein spennande innspurt av OBOS-ligaen 2022 i møte. Det står berre att to kampar på Fosshaugane før seriespelet er avslutta - me skal få besøk av Stjørdals-Blink og Start.

Billettsalet til kampen mot Stjørdals-Blink startar laurdag 1. oktober klokka 09:00  
Kjøp din kampbillett her

Til denne kampen ønskjer me innbyggjarane i Luster Kommune velkomen til gratis kampoppleving! Billettane er betalt av Luster Sparebank Gaupne, Idehus Luster Trelastlager AS Hafslo, Luster Energiverk Gaupne, Digital Etikett Gaupne, Vest Asfaltfresing AS Gaupne. Hent din kampbillett her



Det stod 1-3 på resultattavla då me henta heim tre poeng på Sandskogan i mai. I lag med vår tolvte mann skal me gjera alt me kan for at me gjentek den bedriften på Fosshaugane.

Denne gong får me besøk av eit bortelag som treng alle dei poenga dei kan få om dei skal overleva i divisjonen. Alt håp er ikkje ute, og dei vil kjempa med nebb og klør.

Våre karar treng óg poeng! Me har veldig lyst på kvalikspel i haust, og då blir støtta frå tribuna fort avgjerande, så kom på kamp og støtt karane!

OBOS-ligaens runde 27
Sogndal - Stjørdals-Blink
Fosshaugane Campus
Søndag 9. oktober kl. 14:00

Kjøp din kampbillett her

Stao no pao!!


 

Annonse fra Obos-ligaen: