Sogndal - Strømmen

Fosshaugane Campus - Avspark klokka 18:00

Det er full rulle i OBOS-ligaen i dag, med ei rekkje interessante og spennande kampar. Klokka 18:00 møter me våre vener frå Strømmen.

Slik går dagens kampar
 

Etter Kongsvinger-kampen fekk karane nokre dagar med fri før fokuset vart retta inn mot dagens oppgjer. Strømmen er på opptur etter målfest mot Jerv sist, og me har hatt trøbbel mot dei tidlegare. Me har ein tett og jamn kamp i vente.

Våre karar er inne i ein god periode. I dag må me på med arbeidshanskane nok ein gong då me veit at romerikslaget ikkje vil gi seg utan kamp heilt inn. Me går for tre poeng i dag, for å putta dei i banken må me trøkka til, flytta bein og skåra på sjansane me får.

Med gode resultat i dag kan me få eit godt utgangspunkt før haustkampane. Slik er tabellen før runden sparkast i gang i Groruddalen klokka fem i ettermiddag.
 

Det er haust i den vakre bygda vår no. Under kampen er det venta både regn og vind, gradestokken vil vera rundt 12-talet.

Me gler oss veldig til ny kamp!

14. serierunde av OBOS-ligaen 2020
Sogndal - Strømmen
Fosshaugane Campus
Avspark klokka 18:00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: