Sogndal - Tromsø

Fosshaugane Campus, Avspark klokka 15:30

Alt ligg til rette for ein flott dag for fotball når me gjer oss klare for den 20. runden av årets OBOS-liga! Når domarane bles i fløyta for siste gang i ettermiddag har me lagt bak oss to tredelar av sesongen, og kan starta så smått på oppløpssida!

Vêrgudane er óg i godlune i dag, me har ein strålande haustdag her i vakre Sogn. Under kampen skal det vera rundt 11 grader og strålande sol!



Tommy Øren har snakka med trenar Bakke før dagens kamp.

Runde 20 tjuvstarta i går med at Jerv tok sin tredje strake siger etter at dei var i korona-karantene. Raufoss fekk smaka på det i den idylliske sørlandsbyen Grimstad. Heimelaget drog til med ein sterk 4-2 siger.

Ellers har me mange spennande og interessante oppgjer i dag.

På Åråsen skal eit formsterkt heimelag jakta sin sjette strake siger. Lillestrøm brukte litt tid på å venna seg til OBOS-ligaen, men no har dei fått opp dampen og klatrar jamnt og trutt på tabellen. Fredrik Flo og kompani i Øygarden kan førebu seg på ein travel ettermiddag!

Det er to lokaloppgjer på Austlandet: KFUM- Grorud og Strømmen - Kongsvinger, og på Hamar gjer HamKam klare til kamp mot Sandnes Ulf. Mange viktige poeng skal delast ut der austafor!

Ranheim har reist til Jessheim for å tukta Edin Øy og gjengen i Ull/Kisa og i Bergen får me svar på om Åsane klarar å snu trenden. Gjengen frå Myrdal har tapt dei tre siste, i dag vil dei kjempa hardt mot Stjørdals-Blink!

Me har denne tabellen før dagens kampar

Rosinen i pylsa denne søndagen har me her heime på Fosshaugane! Tabelltoaren får besøk av serieleiaren! Me gler oss til ein veldig spennande ettermiddag i Saftbygda!

Andreas Hoven er frisk og pigg, og gler seg til kamp





Tommy tok ein prat med Sivert Mannsverk etter treninga fredag

Gutan har varta opp med festfotball i det siste og er i storform! Dei står med fire strake sigrar, men dei får ikkje den femte! Rekkja stoppar her i dag.

Våre karar fekk seg ein på kjeften sist helg då me var i Trondheim. Det var ein kamp som fort kunne bikka andre vegen om me hadde satt sjansane våre. Det er difor ein revansjesugen gjeng som vil slå tilbake - og dei har óg lyst på full pott mot Tromsø som me hadde fortent tre poeng mot på Alfheim.



Det vart 2-2 der oppe for nokre veger sidan, etter at karane hadde snudd 1-0 til 1-2. Heimelaget utlikna heilt på tampen.

Tek karane med seg energien, humøret og vinnarviljen frå treningane denne veka, vil me få sjå ein gjeng som vil opp og fram! Me har ei god treningsveke bak oss, og det er berre til å gå ut i hundre og sjokkera tromsøværingane! Med arbeidshanskane på og hard jobbing gjennom heile kampen skal me ta dette i dag!

Det er haust - og det betyr at det er spennande som Sogndal-supportar. I dag får me sjå om den unge, svoltne gjengen til Bakke og kompani tek nok eit steg. Me har trua, og dette blir ein kjekke dag!

20. runde av OBOS-ligaen 2020
Sogndal - Tromsø
Fosshaugane Campus
Avspark klokka 15:30
Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: