SOGNDAL VIDAREGÅANDE SKULE SERVERER LUNSJ TIL A-LAGSSPELARANE

Restaurant- og matfag ved Sogndal Vidaregåande skule serverte lunsj til a-laget til Sogndal torsdag. Det var kortreist mat med særs høg kvalitet.

Det er i år fem elevar ved linja. Håpet til skulen er at dei ogso neste skuleår kan tilby denne utdanninga.

Avdelingssleiar Mona Øvereng Ylvisåker, kan på vegne av skulen, ynskja elevane velkomne til eit godt læremiljø i nye og moderne praksislokale med godt og tidsrett utstyr.

- Me har eit kreativt læringsmiljø med høgt fagleg fokus og god trivsel. Vel ein restaurant- og matfag får ein ei allsidig utdanning som faktisk kan nyttast over heile verda, fortel Øvereng Ylviåker

Denne dagen serverte elevane lasagne med god og sunn salat. Spelarane og støtteapparatet var imponert over kva elevane hadde laga til.

- Særs god mat, sa ein mett Mathias Sundberg.

- Betre enn mori sitt, avslutta han med eit stort smil.

Viktig tilbod
- Det er viktig at me som klubb har dette tilbodet frå Vidaregåande. Me er vane med å ha tett samarbeid med medialinja, no kan me óg samhandla om matlevering, seier dagleg leiar i Sogndal, Rasmus Mo.

Kristoffer og Kristoffer
Kristoffer Hoven og Kristoffer Valsvik delte ut terningkast seks for dagens servering!

- Slike oppdrag gjev elevane relevant praksis og oss god mat. Me treng gode kokkar og restaurantdrivarar i distriktet vårt, me er trass alt reisemål nummer ein i landet, seier Mo.

- For oss er det aktuelt å engasjera elevane til faste leveransar. Me er klar til å tilby praksisarbeid for elevane ved skulen. Klubben har stort fokus på rett kosthold til spelarane, det kan Sogndal Vidaregåande hjelpa oss med. Frå før har me eit særs godt samarbeid med Høgskulekantina, dette er eit godt supplement, avsluttar Mo.

Annonse fra Obos-ligaen: