
SogndalAkademiet
Påmelding til akademiet vinter og vår er opna
Sogndal Fotball ynskjer at akademiet skal gje eit utvida tilbod til dei som har ei stor interesse for fotball og som ynskjer å trene meir.
Treningane held fokus på utvikling av individuelle tekniske og taktiske ferdigheiter, og skil seg slik sett frå anna lagaktivitet som gjerne har meir fokus på utvikling av lag. Det er viktig å påpeike at Akademiet er eit supplement til ordinære fotballtreningar, og at eige lag er ein veldig viktig utviklingsarena.
Det er heller ikkje meininga at akademiet skal skubbe vekk andre aktivitetar ungane er opptekne av. Difor er våre treningstider lagt til tider der det er få konkurrerande aktivitetar. Med god hjelp frå seniorgruppa har Akademiet også fått eit meir heilskapleg tilbod, med leksetid og eit varmt måltid måndag og onsdag.
MÅL:
1. Vere ein god arena for spelarutvikling
2. Me skal skape dei gode fotballopplevingane
3. Motivere og stimulere til meir eigentrening og eigenaktivitet
4. Vere ein utviklingsarena for fotballtrenarar
5. Utdanne folk med sunne og folkelege verdiar
Trenarar:
Trenarane består i hovudsak av noverande og tidlegare studentar på idrett ved HISF, i kombinasjon med andre fotballfolk. Alle trenarane på akademiet skal ha C-lisens eller vere i gang med utdanninga. Alle gruppeansvarlige skal ha UEFA B-lisens.
Skuleringsplan:
Det har blitt utarbeida ein meir detaljert skuleringsplan som forklarer korleis me ynskjer å arbeide på akademiet. Denne går meir i detalj for korleis med ynskjer å trene, organisere treninga, differensiere og liknande. For dei av dykk som er interessert i dette, anbefaler eg at dykk tek ein nærare kikk på heimesida til breddefotball under fana akademiet.
Vår 2017
Gutar og jenter fødde 2007 og 2008 – Trykk her for påmelding
Oppstart onsdag 18 januar, avsluttast onsdag 14.juni
Treningstider/Program:
13:10-13:20 Oppmøte Sognahallen
13:20.13:50 Varm mat SISOF kantina (hjelp frå seniorgjengen)
13:55-14:35 Leksetid (hjelp frå seniorgjengen)
14:35-14:50 Skift og klargjering til trening (garderobe i Sognahallen)
14:50-16:00 Fotballøkt Sognahallen
Pris: kr.2470- Gjeld heile perioden (frå 18.januar til 18.juni - unntatt i vinterferieveka, påskeveka og 17.mai)
Påmeldingsfrist 17.januar (50 plassar - Første mann til mølla prinsippet)
Faktura vert sendt ut 1.mars
Gutar og jenter fødde 2005 og 2006 – Trykk her for påmelding
Oppstart måndag 16.januar, avsluttast måndag 12.juni
Treningstider/Program:
13:50:14:05 Oppmøte Sognahallen
14:05.14:25 Varm mat SISOF kantina (hjelp frå seniorgjengen)
14:25-14:50 Leksetid (hjelp frå seniorgjengen)
14:50-15:00 Skift og klargjering til trening (garderobe i Sognahallen)
15:00-16:15 Fotballøkt Sognahallen
Pris: kr.2040,- Gjeld heile perioden (frå 16 janaur til 12.juni - unntatt i vinterferieveka, påskeveka, 1.mai og 2.pinsedag)
Påmeldingsfrist 15.januar (40 plassar - Første mann til mølla prinsippet)
Faktura vert sendt ut 1.mars
Morgontrening Gutar og jenter fødde 03-04-05-06 – Trykk her for påmelding
Oppstart torsdag 20.januar avsluttast torsdag 6.april
Treningstider/Program:
07:15 Oppmøte Sognahallen
07:20 - 08:25 Trening i Sognahallen
08:25 - 08:30 Skifting , Moglegheit for bruk av garderobe
Pris: kr.770,- Gjeld heile perioden (frå 20.januar til 6-april - unntatt i vinterferieveka)
Påmeldingsfrist 19.januar (45 plassar - Første mann til mølla prinsippet)
Faktura vert sendt ut 1.mars
Syskenrabatt gjeld for heile akademiet:
20% barn nr 2
40% barn nr 3+
For meir info: kontakt Sogndal Fotball per e-post: [email protected]
Framtidig informasjon om Akademiet vil ligge på breiddesida