
Sogndalsakademiet haust 2025
Eit treningstilbod for jenter og gutar i alderer 6-12 år!
Sogndalsakademiet byrjar på måndag, og no tilbyr me ein ny versjon av treningstilbodet. Sjå kva som er nytt og ta kontakt med Adrian Gjengår for meir informasjon!
Ein plass for utvikling – både som spelar og menneske
Sogndal Fotball sitt akademi kan vera ein fin veg for spelarar som ønskjer å utvikle seg. Målet er å gje spelarar i Sogndal og omergn, eit bra og trygt miljø der dei kan utvikle seg både sportsleg og sosialt, med Sogndal sine verdiar i botn.
Verdigrunnlag
Me vil skape ein trygg, inkluderande og utviklande arena – både på og utanfor bana. Vårt fokus er ikkje berre teknisk ferdigheit, men å styrke det sosiale fellesskapet, respekt, trivsel og leik. Me gir spelarane rammene dei treng for å blomstre – både som fotballspelarar og menneske.
Kven er vi for?
Akademiet er tilrettelagt for spelarar i alderen 6–12 år som har lyst, vilje og motivasjon til å trene meir, lære meir og utvikle seg som fotballspelar
Treningskvardagen (Nytt frå hausten 2025)
- Måndag (kl.15:00-16:15): Spelarar f. 2015, 2016 og 2017
- Tysdag (kl.15:00-16:15): Spelarar f. 2013 og 2014
- Onsdag (kl.15:00-16-15): Keepera f. 2013-2019
- Torsdag (kl.15:00-16:15): Spelarar f. 2018 og 2019
- Lørdag: (kl.10:00-11:00): Spelarar f. 2020, Miniakademiet
No i byrjinga vil me kvalitetssikre ei økt i veka for kvart kull, før vi tek stilling til om vi skal tilby ei ekstra økt i veka. Kom gjerne med tilbakemeldingar, slik at opplegget blir best mogleg!

Keeperskule
Denne hausten tilbyr me også eit nytt konsept for keeperane. Det kjem til å bli arrangert keeperskule ein gang i veka for dei spelarane som er interessert i å lære og utvikle seg som keeper. Keeperskulen vil i utgangspunktet bli på onsdagar, og det er mogleg å melde seg på både som spelar og keeper.
Ta kontakt med Martin Selle for meir info om keeperskulen:
Mail: [email protected], Tlf: 957 47 319
Pris
- Akademi - 1600,-
- Miniakademi - 800,-
- Keeperskule - 1000,-
Prisen gjeld ei trening i veka frå veke 35-50. Det blir ikkje akademi i veke 41 grunna haustferien + ingen miniakademi i veke 43 grunna Kiwi Bama Cup.
Søskenrabatt: 20 % på barn nr 2. Meld på ordinært og send namn + kontonummer til [email protected] for refusjon.
Ei typisk akademiøkt
Ein strukturert øktplan som kombinerer teknisk, taktisk og fysisk trening med tilbakemelding og rettleiing undervegs.
Øktene blir bygd opp slik:
- Samling: Snakke om økta og kva vi skal lære - 5 min
- Oppvarming - 10 min
- Deløving 1 - 10 min
- Deløving 2 - 15 min
- Spel - 30 min
- Tilbakemelding og rettleiing - 5 min
Kva tilbyr vi?
- Engasjerte trenarar som setter spelaren i sentrum
- Eit godt og trygt læringsmiljø
- Treningsøkter med kvalitet, der vi ønsker å få spelarane til å lære noko nytt og bli ein betre fotballspelar for kvar økt.
- Alle spelarar får ei t-skjorte
Kontakt
Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon om akademiet, ta gjerne kontakt med Adrian Gjengår:
Mail: [email protected] Tlf. 468 59 222
STAO NO PAO!