
Fotball for alle (2018)
I helga var Sogndal United samla til tilrettelagt fotballdag i Sognahallen "Me bryr oss" Biletgalleri
Søndag 22.april vart det gjennomført ein Tilrettelagt Fotballdag i Sogndal, saman med Sogndal United. Totalt var det 20 deltakarar, som er ny rekord i Sogndal!
Det vart ein kjempefin dag med høg aktivitet og mykje moro, med deltakarar frå Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Fotballtrening, mat og OBOS-ligakamp stod på menyen, og responsen frå spelarar og instruktørar var utelukkande positiv.
- Dette må vi gjør oftare, fortel ein spelar som hadde tatt turen frå Stryn, saman med 13 medspelarar frå klubben.
Spelarar frå A-laget vårt var med
- Det er flott å sjå so mykje idrettsglede, og veldig kjekt å få vere med Sogndal United i dag, seier Martin Ramsland.

A-lagsspelarane hadde ansvar for skotposten og rettleia deltakarane undervegs.
- Me fekk ansvar for skotposten, og der var det mange som leverte. Furebotn vart skoten inn i mål til tider, seier Ramsland med eit godt smil.

Mange glade menneske
Deltakarane imponerte spelarane med gode skot, pasningar og ikkje minst gode oppmodingar.
- Eg har møtt ein flott gjeng med glade menneske, og det har vore utruleg givande, fortel Ramsland.
Siv Katrin frå Leikanger var godt nøgd med dagens økt.
- Eg har hatt ein veldig kjekk dag og fått scora mykje mål, fortel ei smørblid Siv Katrin.

- Fotball er utruleg gøy og det kjekkaste me har gjort i dag var å spele internkamp til slutt, fortel ho.
Ynskjer du meir informasjon om tiltak for målgruppa, tek du kontakt med Klubbutviklar Anders Veibust på [email protected]









