Solid av karane

Slo Tromsø 2-0 på La Manga

Karane leverte ein solid treningskamp mot Tromsø, og tok med seg ein 2-0 siger mot divisjonskollegaen.

Fekk du ikkje sjå kampen? Her går den i reprise!

Stillinga til pause var 0-0. Me burde ha vore i føringa med minst eitt mål, då kaptein for dagen, Joachim Soltvedt, skaut eit straffespark i tverra og over.
 

Litt for høgt, denne går inn når serien startar!
Litt for høgt, denne går inn når serien startar!

Trenar Eirik Bakke hadde overlete kampleiinga til parhestane Rune Bolli Bolseth og Marius Lenni Bøe. Bolli og Lenni styrte skuta godt, og i pausen bytta dei heile laget slik at alle fekk spela minst ein omgang. Berre keeper Renze Fij spelte heile kampen, og Tobias Bjørnebye kom inn nokså tidleg i første omgang for Axel Kryger, som slit med ein liten kjenning i låret.

I andre omgang skåra me to flotte mål.

Det første kom etter flott innlegg av Eivind Helgesen. I feltet sleit Kristoffer Hoven seg laus og kraftpluggen frå Konnerud stanga ballen kontant i nota via krysset.

Det andre målet kom etter to flotte prstasjonar. Per Magnus Steiring braut på eigen banehalvdel, og bursdagsguten forserte oppover bana eit godt stykke før han la eit glitrande innlegg til Anders Nord, som på like glitrande vis ekspederte ballen uttagbart i mål.
 

Anders Nord og Kristoffer Hoven
Anders Nord og Kristoffer Hoven

Alt i alt ei god gjennomkøyring, og karane viste at det er noko veldig spennande på gang med denne unge gjengen.

Me stilte med dette laget:
Renze Fij - Eirik Lereng, Igoh Ogbu, Tomas Totland - Daniel Eid, Sivert Mannsverk, Axel Kryger, Joachim Soltvedt - Badou, Akor, Andreas Hoven

Benken: Per Magnus Steiring, Eivind Helgesen, Adrian Solberg, Tobias Bjørnebye, Anders Nord, Sixten Jensen, Jonas Fredriksen, Kristoffer Hoven, Jamar Campion-Hinds, Pape Embaye og Håvar Mjelleli.

Annonse fra Obos-ligaen: