Solid gjennomkøyring

Me hadde fortent sigeren etter 0-0 mot Kristiansund under den spanske sola

Det vart 0-0 mellom Sogndal og eliteserielaget Kristiansund i dagens treningskamp på La Quinta i Marbella.

Sogndal var det klart mest førande laget under heile kampen, og framstod giftige framover og solide bakover på bana. Det einaste som mangla var skåringane. Sigurd Haugen var nærast då han knalla ballen i stonga i 1. omgang.

Les om kampen i Sogn Avis

Det er noko solid over årets utgåve av laget frå Saftbygda. Me er i ferd med å få køyrt inn eit skikkeleg lag der me har nokre pur unge stortalent, og kombinert med rutinerte karar og mentorar kan dette bli ein særs spennande sesong.

Trenar Eirik Bakke var veldig nøgd med karane sine etter dagens kamp.





Sisteskanse Kjetil Haug har halde nullen i fleire kampar i det siste, og gjorde ein ny, god kamp i dag.

Me kjem ikkje utanom Sivert Mannsverk. Årdølen herja rundt på midtbana i dag. 16-åringen spelte som ein dreven veteran, og blir veldig, veldig spennande å følgja med framover. Ulrik Flo tok ein prat med han etter kampen.





Eivind Helgesen spelte ein feilfri omgang på venstrebacken i dag, her intervjua av Sivert.

Les om Sivert i Sogn Avis

Elles leverte alle karane solid jobb, og me kan reisa heim frå Spania litt brunare, litt klokare, med ein dose meir sjølvtillit og eit godt treningsgrunnlag. Dette har vore ein særs vellukka treningsleir!

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: